SMIL 2024

Du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.

Slik søkjer du

Søknadsfrist er 10. mars 2024

Klikk her for å gå til søknadskjema og rettleiing

 

Rettleiing 2024

Det blir arrangert to SMIL møter med rettleiing til korleis ein fyllar ut søknadsskjema, aktuelle tiltak innanfor ordninga og korleis ein brukar dei digitale kartløysningane best mogleg.

Måndag 26. februar: Digitalt møte kl. 20.00

Klikk her for å gå til møtelenke

Møte-ID: 351 768 834 475
Passord: zHSUxy

Onsdag 28. februar: Fysisk møte kl. 20.00

Stad: Kantina 2. etasje, kommunehuset på Frekhaug

 

Kven kan søkje?

Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.

Kva tiltak kan ein søke om tilskot til? 

Vi kan gi tilskot til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.

Vi kan òg gi tilskot til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket.

Her finn du Modalen sine retningslinjer for SMIL tilskot 2024-2028 

 

Kva skjer vidare?

Kommunen avgjer søknaden om tilskot og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.

Har du fått innvilga tilskot, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til landbruksavdelinga. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal vi vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, sender vi saka til Fylkesmannen. 

Kva seier lova?

Forskrift om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket - Lovdata


Sist oppdatert: 14.02.2024
Publisert: 14.02.2024