HjemAktueltSkal du røysta i omvalet i Moss?

Skal du røysta i omvalet i Moss?

Valdagen er måndag 27. november, men då er vallokala berre opne i Moss kommune. I førehandsrøysteperioden innanriks kan ein derimot røysta i heile landet, frå og med måndag 13. november til og med fredag 24. november.

Gitt at du er ein mossing, altså.

Under førehandsrøysteperioden innanriks kan veljarane kontakta kva kommune dei vil for å avtala tidspunkt for å røysta. Helst må ein ta kontakt med kommunen for å avtala, for å vera sikker på at det er valmedarbeidar tilstades som kan ta i mot røystesetelen.

Men sannsynlegvis vil det gå bra å stikka innom kommunehuset, Flodmaal for å røysta, når som helst mellom klokka 09.00 og 15.00 frå og med måndag 13. november til og med fredag 24. november.

Men du må altså stå i manntalet for Moss for at røysta di skal telja, og vore folkeregistrert der i sommar då manntalet vart tatt ut.


Sist oppdatert: 15.11.2023
Publisert: 15.11.2023