HjemAktueltTilskot frå BKK-Viltfond til fremjing av viltet

Tilskot frå BKK-Viltfond til fremjing av viltet

Aktuelle søkjarar er villreinutval-/nemnd, grunneigarlag, hjortevald, jakt- og fiskarlag med fleire.
  • Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast (både offentlege og privatrettslege planar).
  • Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet, til dømes villreinen i Fjellheimen villreinområde, leveområde for hjort, småviltforvalting og liknande.
  • Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
  • Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings-  og informasjonstiltak.
  • Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.

Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.

Klikk her for å lese handlingsplan for midlane

Skiftleg søknad med prosjektskildring og kostnadsoverslag/budsjett sendast til Vik kommune, epost: postmottak@vik.kommune.no
Merk søknaden med "BKK-viltfond". 

Kontaktperson i Vik kommune er landbrukssjef Veronika Seim Bech. Tlf.nr er 909 10 709


Sist oppdatert: 07.02.2024
Publisert: 07.02.2024