HjemAktueltManglar mobildekning 23.01.24

Manglar mobildekning 23.01.24

22.01 fekk kommune beskjed frå Telenor om at dei har registrert eit større mobilutfall i Vaksdal og Modalen.

Konsekvensen er at det er sterkt redusert til ingen mobildekning i Modalen kommune. Det berører områda frå Mofjorden og austover langs Moelva til Nygard. Områda rundt Eksingdalen vil òg oppleve sterkt redusert til ingen dekning.

Oppdatering pr 24.01. kl. 07.00

Like før midnatt vart det meldt at feilen er retta.

Oppdatering pr 23.01 kl.14.50

Arbeidet med feilretting starta i dag tidleg. Telenor seier no at arbeidet med rettinga er vanskelegare enn først forventa. Det gjer at det må veljast ei meir tidkrevjande løysing

Oppdatering pr 23.01 kl. 09.40

Statsforvaltaren kjem med kontramelding: Entreprenøren har funne staden der brotet er, og det er ikkje innanfor skredområde. Skøyting vert difor starta.

Oppdatering pr 23.01 kl. 09.30

Telenor seier at entreprenør har gjort måling og prøver no å ta seg til staden der brotet er. Det er en stort sannsyn for at det er innanfor eit skredområde, og at det difor kan ta tid å få det retta.

Telenor seier at omfanget av utfallet er det same som det vart meldt i går.


Oppdatering pr. 22.01.24 kl. 19.45:

NKOM seier at både Telenor, Telia og Ice melder om utfall i Modalen, i tillegg til at Telenor har utfall i delar av Vaksdal. Telia- og ICE-kundar har dekning i Mo.

Nødnett melder ikkje om utfall, men tap av redundans i området.

Det skal ha gått fleire skred som hindrar rettemannskap i å starte feilsøking. Entreprenør er i dialog vegvesenet og vil sende ut rettemannskap når det er forsvarleg. Førebels er vurderinga at det først kan skje i morgon tidleg. Rettetid er ukjent.

 

Nkom har desse råda til brukarar:

  • Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i eit område, er det mogleg å ringe nødnummera via roaming hjå andre operatørar som har dekning.
  • Viss ein har trådlaust breiband, har dei fleste høve til å ringe med WIFI tale
  • Flytte seg til eit område som har mobildekning

Sist oppdatert: 24.01.2024
Publisert: 22.01.2024