HjemAktueltIngenting avgjort i Modalen i kveld

Ingenting avgjort i Modalen i kveld

Vallova legg til rette for at valstyret skal kunna motta stemmegjevingar fram til kl. 17.00 dagen etter valet. 

For å ivareta anonymiteten til veljarar, er det per no 19 stemmegjevingar som ikkje er teke med i oppteljinga i kveld.Desse røystene kan først teljast opp etter kl. 17.00 dagen etter valdagen.

Innhaldet i stemmegjevingane er ikkje kjent. Dei kan t.d. innehalde blanke røystesetlar, veljar kan berre ha røysta til fylkestingsvalet o.l. Sidan det berre er 4 røyster som skil Solrenningslista og Samlingslista, så betyr dette at vi ikkje kan kåre ein vinnar av kommunestyrevalet før i morgon etter kl. 17.00.
Valstyret møtes i morgon kl. 17.00 for å telje opp dei resterande røystene og godkjenne valet. Møtet er ope for publikum.


Sist oppdatert: 11.09.2023
Publisert: 11.09.2023