HjemAktueltFørehandsrøysting

Førehandsrøysting

Husk at du kan førehandsrøyste frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september.
Er du i Modalen, gjeld desse opningstidene:
Stad: Kundetorget 2. etg, Flodmaal
Tid: kvardagar kl. 10-14
Kundetorget er i tillegg ope for førehandsrøysting:
laurdag 2. september kl. 12.00-15.00
Du kan også førehandsrøyste i ein annan kommune.
MERK! På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du er folkeregistrert som busett i pr 30. juni 2023.
Er det vanskeleg for deg å komma deg til røystelokalet for førehandsrøysting eller til vallokalet på sjølve valdagen? Då kan du søkja om å røysta heime. Du kan ringja til Modalen kommune telefon 56599000 og gjera ein avtale om å røysta heime. Frist for å melde frå om heimestemming er sett til torsdag 7. september kl.15.00. Det er ikkje mogleg å røyste frå heimen etter fredag 8. september.

Sist oppdatert: 29.08.2023
Publisert: 29.08.2023