HjemAktueltEigedomsskatteliste til offentleg ettersyn

Eigedomsskatteliste til offentleg ettersyn

Taksering og utskriving

I 2024 skriv Modalen kommune ut eigedomsskatt med heimel i Eigedomsskattelova § 3 bokstav c: «Berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum».

Siste almenne taksering i Modalen kommune vart gjennomført i 2019 med heimel i eigedomsskattelova § 8 A-3, nr 2.

Eigedomsskattelista

Eigedomsskattelista 2024 for Modalen kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 29.02.24– 29.03.24 i tråd med reglane i eigedomsskattelova § 15.

Klikk her for å lese eigedomsskattelista for 2024

Eigedomsskatten for 2024 vert å betale i 3 terminar: 31.03.24, 30.06.24 og 30.09.24.

Skattytar som meiner utskrivinga er urett, kan klage på den utskrivne eigedomsskatten.


Evt. klage kan sendast skriftleg til Modalen kommune, eigedomsskattekontoret, Postboks 44, 5732 Modalen, eller på epost til postmottak@modalen.kommune.no innan 11. april 2024.


Sist oppdatert: 28.02.2024
Publisert: 28.02.2024