HjemAktueltBli fadder for flyktningane våre!

Bli fadder for flyktningane våre!

Å være fadder treng ikkje å være anna enn å møte nokon for ein kopp kaffi, eller gå ein tur i nærområdet.

Poenget er at flyktningane skal bli kjent med omgjevnadene, norsk kultur og levesett. Samtidig utvidar ein nettverket sitt, noko som gjer at en kanskje finn seg betre til rette i ein vanskeleg situasjon.

Som fadder får ein bli kjent med ein anna kultur og vere med på ei viktig samfunnsoppgåve – som er integrering.

Ta kontakt med oss på denne e-postadressa om du ønskjer å vera med på ei slik ordning:

kent.tur.amundsen@modalen.kommune.no

 

Har nokon møblar til overs?

I samband med busetjing av flyktningar treng me nokre møblar.

Har du sofa, sofabord, tv, tv-bord, spisebord og stolar, som du ikkje treng lengre?

Ta kontakt med oss på følgjande e-post:

kent.tur.amundsen@modalen.kommune.no


Sist oppdatert: 21.11.2023
Publisert: 21.11.2023