Val 2023

Offentleg logo for val

Kommunestyret i Modalen er øvste politiske organ i kommunen, og ved valet i 2023 skal innbyggjarar i Modalen velje 13 representantar som skal styre kommunen dei neste 4 åra.

Klikk her for å lese møteprotokoll for kommunestyrevalet 2023

Kommunestyre- og fylkestingsval 11.09.23

I 2023 vert det gjennomført val både for kommunestyret og fylkestinget. Kommunen skal velje sine 13 representantar medan Vestland fylkeskommune skal velje 65 representantar ved fylkestingsvalet. 
 
Klikk her for meir informasjon om valet hjå Valdirektoratet

Har du stemmerett til valet?

Ulike vilkår gjeld for personar med stemmerett:

  • Fyller 18 år innan utgangen av 2023
  • Norsk statsborgar
  • Ikkje norsk statsborgar med folkeregistrert som busett i Norge dei siste 3 åra.
  • Er statsborgar i eit nordisk land og blitt folkeregistrert som busett seinast 30. juni i valåret.
  • Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 har du stemmerett i den kommunen du er folkeregistrert som busett i før 30.06.23.
Listeforslag til kommunevalet

Parti eller grupper som ønskjer å stille liste til kommunevalet i Modalen må levere liste til kommunen innan 31.mars 2023, kl.12.00.

Dette kan enten gjerast elektronisk eller på papir. 

Klikk her for å lese meir om innlevering av listeforslag

Namn på listeforslaget 

Listeforslaget skal ha ei overskrift som viser kva parti forslaget kjem frå, og som ikkje kan leia til forveksling.

Registrerte parti skal bruke partiet sitt registrerte namn i listeoverskrifta. Det er ikkje løyve til å bruke eit anna namn som undertittel, heller ikkje lokalavdelinga sitt namn.

Dersom fleire registrerte parti stiller fellesliste, må alle partia sine registrerte namn være med i listeoverskrifta. Tilsvarande må det registrerte partiet sitt namn være med i listeoverskrifta når parti stiller liste saman med ei gruppe som ikkje er registrert som parti.

Tal kandidatar som skal veljast

Kommunestyret består av 13 kandidatar. Eit listeforslag til kommunestyrevalet i Modalen skal innehalde minimum 7 namn og inntil 19 kandidatnamn.

Stemmetillegg

Det kan gjevast stemmetillegg. Det vil seie eit tillegg i kandidaten sitt personlege stemmetal på 25 % av tal stemmesetlar lista får ved valet. For lister i Modalen kan det gjevast stemmetillegg til dei 4 første kandidatane på lista.

Kven kan stå på listeforslaget?

Kandidatar på listeforslaget må ha stemmerett til valet og stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen og ikkje utelukka eller fritatt. Klikk her for å lese meir om kven som er utelukka

Tal underskrifter på lista

Parti registrert i Partiregisteret som ved førre stortingsval fekk oppslutning på minst 500 stemmer i eit valdistrikt eller 5000 stemmer i heile landet kan levere liste med 2 underskrifter. Andre parti eller grupper som ønskjer å stille til val i Modalen må levere inn listeforslag med fleire enn 13 underskrifter. Digital signatur er mogleg dersom listeforslaget vert levert digitalt via valg.no.

Ta kontakt med valansvarleg i kommunen Lin Tove Thomassen, tlf 98667846 dersom du har spørsmål.

Godkjende vallister

I møte 2.mai 2023, sak 11/23, godkjende Valstyret to lister til kommunestyrevalet i Modalen:

Samlingslista

Solrenningslista

 

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 11. september, eller i den ordinære førehandsrøysteperioden 10. august til 9. september, kan du røyste tidleg frå og med måndag 3. juli til og med onsdag 9. august.
Ta kontakt med kundetorget på tlf 56 59 90 00 for å avtale tid.

Førehandsrøysting

Ein kan førehandsrøyste frå torsdag 10. august til og med fredag 9. september.

Er du i Modalen, gjeld desse opningstidene:

Stad: Kundetorget 2. etg, Flodmaal
Tid: kvardagar kl. 10-14

Kundetorget er i tillegg ope for førehandsrøysting:
laurdag 2. september kl. 12.00-15.00

Du kan også førehandsrøyste i ein annan kommune.

Klikk her for å få opp stad og tid for røystelokale i andre kommunar

MERK! På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du er folkeregistrert som busett i pr 30. juni 2023.

Røysta heime

Er det vanskeleg for deg å komma deg til røystelokalet for førehandsrøysting eller til vallokalet på sjølve valdagen? Då kan du søkja om å røysta heime. Du kan ringja til Modalen kommune telefon 56599000 og gjera ein avtale om å røysta heime. Frist for å melde frå om heimestemming er sett til torsdag 7. september kl.15.00.

Det er ikkje mogleg å røyste frå heimen etter fredag 8. september.

Røyste på Modalstunet?

Det vert tilrettelagd for institusjonsrøysting på Modalstunet tysdag 5. september kl. 11.00-12.00

Røyste på valdagen 11. september?

På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du er folkeregistrert som busett. Har du eller skal du flytta dei siste månadene før valdagen, må du sjekke kvar du er manntalsført.

I Modalen kan du røyste på Mo eller Øvre Helland. 

Stad:

Krins Mo - Kommunehuset Flodmaal - kl. 12.00-18.00

Krins Øvre Helland -samfunnshuset på Øvre Helland - kl. 12.00-18.00

Utlegging av manntal til offentlig ettersyn

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå innført i manntalet.

Oversikt over manntalsførte i Modalen vert lagt ut til offentleg ettersyn frå så snart det er tilgengeleg og fram til og med valdagen på følgjande stader:

  • Kundetorget Flodmaal
  • Folkebiblioteket
  • Coop Mo
  • Coop Øvre Helland

Dersom du ikkje står i manntalet og meiner at det er feil, kan krav om retting meldast til den kommunen du er heimehøyrande i. Dersom du har flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding før 30. juni står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du må då røyste i den kommunen som du er manntalsført i, eller du kan førehandsrøyste i Modalen.

Merk, manntalet vert ikkje gjort tilgjengeleg digitalt. Om du ikkje har høve til å sjekke manntalet fysisk, kan du ta kontakt med kundetorget på tlf  56 59 90 00 

Valstyret

Valstyret er ansvarleg for valgjennomføringa i kommunen og er oppnemnd av kommunestyret. Dei er mellom anna ansvarleg for å godkjenne listeforslaga og påsjå at oppteljinga går korrekt føre seg.

Medlemmer:

  • Kjetil Eikefet, leiar
  • Kristin Nåmdal
  • Liv Anne Aanesen
  • Ann-Jorunn Farestveit
  • Håvard Engeseth 

 


Sist oppdatert: 12.10.2023
Publisert: 01.01.2023