HjemSkule og utdanningSkulehelsetenesta

Skulehelsetenesta

Kontaktinformasjon

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Vi held til på Mo helsesenter, og er eit tilbod for ungdommar  i Modalen. 


Kva kan du få hjelp til?
Vi kan teste deg for og gi råd om:

  • Kjønnssjukdomar
  • Graviditet
  • Du kan få resept på prevensjon.
  • gratis kondom
  • ( Vi tar ikkje blodprøvar).
  • Vi gir også rettleiing om tema som opptar deg, til dømes:
  • Psykisk helse, vanskelege tankar og følelsar.
  • Vald og overgrep.
  • Samliv og seksualitet.
  • Prevensjon og uønskt svangerskap. Eventuelt spørsmål om abort.
  • Kosthald, ernæring og ete- forstyrring.
  • Nettverk og familieliv.
  • Rusmiddel og røyking

Ungdom kan også få hjelp av skulehelsetenesta.


Opningstid
torsdagar

Kva kostar det?
Tilbodet er gratis

Graviditetstest koster 50 kr.

Kontakt helsesøster

Skulehelsetenesta

 

Helsesøster kan vere ein vaksenkontakt for barn og unge som treng råd og rettleiing. Helsesøster kan også delta i oppfølginga av barn med spesielle behov og delta i undervisninga.


Kva gjer helsesøster?
Helsesøster kan snakke med deg om foreldre, skilsmisser, sjukdom, mobbing, pubertet, kjæraste, vennskap, angst, depresjon, spiseforstyrring, seksuell identitet.  Prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar kan også vere aktuelle tema.


Helsesøster kan synet og hørselen din om foreldre eller lærarar trur at du ser eller høyrer dårleg.


Sist oppdatert: 15.05.2023
Publisert: 09.08.2018