Kulturskule

Kulturskulen i Modalen er lokalisert til Mo skule. Rektoransvaret for kulturskulen ligg under rektor i grunnskulen og voksenopplæringa.

Kulturskulen i Modalen tilbyr skuleåret 2018/19 grunnleggjande instrumentopplæring i gitar, piano og song. I løpet av hausten 2018 vert det arrangert kurs i musikkteknologi for elevar frå 5.klasse.

Kulturskulen har søknadsfrist 20.august, og opplæringa føl skuleruta for grunnskulen. Skjema for påmelding vert lagt ut på heimesida til kommunen i mai.

 

Betalingssatsar

Betalingssatsar for kulturskulen vert fastsett av kommunestyret med justering pr. 1.januar kvart år.

For 2018 er betalingssatsane for heilt år i kulturskulen kr 2.250,-                 

halvt år kr 1.125,-.

Materiellkostnad på inntil kr 650,- kan koma i tillegg.

Det vert gjeve 20% syskenmoderasjon i kulturskulen. For elevar som nyttar seg av fleire tilbod vert det gjeve 20% moderasjon på tilbod nr. 2 og fleire.


Sist oppdatert: 07.11.2018
Publisert: 17.09.2018