Plansaker

Kommuneplan for Modalen 2015 - 2026

Kommunestyremøte utsette den 18. juni handsaminga av framlegget til ny kommuneplan og arealplan. Kommunestyret ønskte ikkje å omdisponera dyrka jord til utbyggingsføremål på Mo slik framlegget la opp til.

Kommunestyret vil derfor ha utgreidd kostnader for opparbeiding av eit alternativ bustadareal i «Trohaugen».
 
Arealplan og kommuneplanen 2015 - 2026 for Modalen kommune vart vedteken av kommunestyret i sak 033/2015

Planomtale - Føresegner - Plankart

Planomtale 2015 - 2026

Føresegner 2015 - 2026

Plankart kommuneplan 2015 - 2026

www.nordhordlandskart.no

 

Ein reguleringsplan er kommunen sin måte å styra utviklinga av eit område på. Korleis skal vi bu? Kvar skal vi ha friluftsområde og leikeareal? Korleis skal vi bevege oss gjennom nærområda våre?

Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og planskildring. Plankartet viser kva type føremål som er tillate på ein eigedom, til dømes bustader, næring eller leikeareal. Føresegner og planskildring seier noko om kor mykje som kan byggast og om det til dømes er krav om opparbeiding av andre funksjonar (rekkefølgjekrav) som gangvegar, leikeplassar og liknande før ein kan sette i gang med å bygge eller folk kan flytte inn i dei nye bustadane.

Det finst to typar reguleringsplanar:

  • Områderegulering: Blir til vanleg utarbeidd av kommunen og styrer utviklinga av eit større område.
  • Detaljregulering: Knytt opp til eit spesifikt byggje- eller verneinitiativ, til dømes regulering av område til bustader eller skuleareal. Både kommunen og private aktørar kan utarbeide ein detaljregulering, men alle må halde seg til kommunen sine overordna planar.

Slik blir ein reguleringsplan utarbeidd

Ønskjer du å byggje noko i eit område, må du utarbeide ein reguleringsplan. Som regel tar ein utbyggjar initiativ til å regulere eit område i samband med utbygging av eit konkret prosjekt. Det er likevel ikkje noko krav om at ein må vere utbyggjar for å regulere. Både grunneigarar, organisasjonar, kommunen og andre kan ta initiativ til å regulere eit område. For sjølve utarbeidinga av reguleringsplanen med tilhøyrande dokument, er det fagkyndige som til dømes planleggarar, ingeniørar og arkitektar som må gjere arbeidet.

Alle planforslag skal vise konsekvensar av forslaget, det skal vere ei vurdering av om forslaget følgjer opp overordna planar, og dei må få fram kva interesser som står mot kvarandre innanfor eit område og kva ein prioriterer av desse. Til dømes kan dette vere at ein ønskjer at det skal byggast leilegheitsbygg i staden for einebustader på ein eigedom.

Planavdelinga i kommunen rettleiar og gir innspel til dei fagkyndige om kva planforslaget må innehalde. Kommunestyret vedtar alle reguleringsplanar.

Når kan du påverke ein reguleringsplan?

Ein viktig del av arbeidet med ein reguleringsplan eller områdeplan er å få innspel frå innbyggarane om korleis dei meiner eit område skal utnyttast. Du kan komme med innspel i på to ulike tidspunkt i ein planprosess:

  • når planarbeidet startar opp, ved varsel om oppstart
  • når planforslaget er ferdig utarbeidd og er sendt på høyring og offentleg ettersyn.

I begge rundane får naboar, grunneigarar og relevante offentlege styresmakter skriftleg varsel om planarbeidet. I tillegg blir planarbeidet annonsert i lokalavisa og på kommunen sine heimesider. Når reguleringsplanen er ferdig vedteken, er det høve til å klage på vedtaket dersom ein framleis ikkje er nøgd med utforminga og føler at ein ikkje har blitt høyrt i planprosessen.

Varsel om oppstart

Når nokon lagar ein reguleringsplan må dei varsle oppstart av planarbeidet til naboar og andre som er omfatta av planen. Normalt er fristen for å kome med innspel tre veker.

Høyring og offentleg ettersyn

Når planforslaget blir levert inn til kommunen, skal alle få moglegheit til å komme med innspel til forslaget. Planforslaget inneheld detaljerte skildringar av korleis ein ser for seg å bygge ut eit område, med kart, føresegner, planskildring og utgreiingar, illustrasjonar og andre dokument som viser korleis området vil verte utnytta.

I tillegg skriv vi i planavdelinga ei sak der vi vurderer dei ulike tema i planforslaget og vurderer om desse er i samsvar med dei retningsliner og krav kommunen til ei kvar tid har. Alle desse dokumenta vert tilgjengeleg for innbyggarane i høyringsperioden. Fristen for å kome med innspel i denne runden er minst seks veker.

Både planavdelinga og dei som har laga planforslaget går gjennom alle innspela og vurderer om ein skal gjere endringar. Om det blir gjort store endringar, må planen ut att på høyring, men som regel går reguleringsplanen til kommunestyret for endeleg vedtak.

 


Sist oppdatert: 10.09.2018
Publisert: 15.05.2018