Må du søkje?

Før du byggjer, river eller endrar noko på eigedomen din, sjekk om:

  1. du må søkje
  2. du kan søkje sjølv
  3. du må ha hjelp av fagfolk
Bad eller kjøkken

Du treng ikkje å søkje dersom

  • du skal installere, rive, endre eller reparere våtrom, kjøkken og enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor same brukseining eller branncelle.

Hugs at rommet må være godkjent for varig opphald. Dersom det ikkje er godkjent for varig opphald, må du søke om bruksendring.

 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom

  • brannskillet blir brote eller når du gjer endringar i bærande vegg eller konstruksjon (brannskillet blir som regel brote når du skiftar sluk eller soilrør).
  • du skal opprette nye bueiningar med bad eller kjøkken.

 

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine søknadsskjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk
  2. Til bad og kjøkken, brukar du søknadsblankett 5174 og 5175.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre.
  4. Dibk tilbyr og digitale løysningar trykk her
  5. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med posten til Modalen kommune, Postboks 44, 5732 Modalen.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis i Modalen kommune.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Kontakt:  

Ingeniør Njål Bolstad Eidsnes

Tlf: 56 59 90 23 / 95 91 35 54

E-post: njal.bolstad.eidsnes@modalen.kommune.no

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak

 

 

 Eldstad og skorstein 

 

Du treng ikkje søkje dersom:

du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og samme brukseining eller branncelle
rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak
Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

Trykk her for å gå til det digitale meldeskjemaet på brannvern.no
Du må både fylle ut informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:
du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig

Slik søkjer du:

Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
Fagfolka som søker for deg må bruke blankett 5174.
Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
Skjemaet sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med posten til Modalen kommune, Postbok 44, 5732 Modalen


Søknaden må innehalde:

Erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
opplysningar om tal røykløp
opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet
situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein.


Kva kostar det?

Tenesta er gratis i Modalen kommune.

Kva seier lova?
Lov om planlegging og byggesakbehandling kapittel 20, § 20-1

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage

 

Fasadeendring

Fasaden på et bygg er ytterveggar og tak. Ei fasadeendring kan til dømes vere å bytte vindauge, endre kledning eller taktekking, sette inn ei ny dør eller å «glasse inn» ei balkong.

Du må ikkje søkje om løyve til alle fasadeenringar.

Du treng som hovudregel ikkje å søke dersom:

  • du skal skifte tak (ver klar over at det kan vere søknadspliktig om taket vert heva)
  • du endrar heile fasaden tilbake til slik bygningen tidlegare var oppført (dette må du kunne dokumentere)
  • du skal skifte, setje inn eller fjerne vindauge eller dør, så lenge karakteren til bygningen ikkje vert endra. Du kan til dømes:
  • sejte inn og fjerne mindre kjellar- og takvindauge
  • utvide ei opning frå vindauga til dør – om du ikkje endrar breidda
  • endre fra dør til vindauge med samme breidde
  • skifte ut vindauge og dører – med lik utsjånad
  • byggje altan som er understøtta og ikkje endrar karakteren til bygningen

     Du kan søke på eiga hand dersom:

  • du skal gjere mindre fasadeendringar, som til dømes nye takvindauge som ikkje går inn i bærande konstruksjonar.

      Du må søke med hjelp fra fagfolk dersom:

  • du endrar bygningen sin karakter
  • du gjer inngrep i bærande konstruksjonar
  • du gjer inngrep i brannveggar eller andre brannsikre bygningsdelar
  • tiltaket er nærare enn 4 meter frå nabogrensa
  • krava til lys, rømming eller brannsikkerhet ikkje blir oppfylt

Døme på tiltak:

  • karnapp og utkragede konstruksjonar som stikk ut over fasaden
  • påbygg som arker, påbygg på tak eller løfting av tak
  • terrasser som ikkje ligger på bakken
  • balkongar
  • skifte ut dør eller vindauge der lysflata blir vesentleg større eller mindre

Vi gjer merksam på at fasadeendringar på bygningar med kulturminneinteresse oftare vil endre karakteren til bygningen, og dermed kan være søknadspliktige.

Må du endre fasaden fordi du skal bruke rommet på ein ny måte, til dømes endre frå bod til soverom? Då må du søkje om bruksendring. Fasadeendringa blir då ein del av denne søknaden.

Slik søkje du:

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk. Dibik tilbyr og digitale løysingar. Trykk her
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5174
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med posten til Modalen kommune, Postboks 44, 5732 Modalen

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • fasadeteikningar
    • planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • snitt
  • Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis i Modalen kommune.

Slik klaga du

 

 Garasje eller carport

Kva du kan byggje, kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Lurar du på kva plan som gjeld for eigedomen din, kan du:

Leite fram planen sjølv på Planregisteret. Blogg med brukarrettleiing finn du her.
Finn du ikkje planen på Planregisteret, send spørsmålet til: postmottak@modalen.kommune.no 


Du treng ikkje å søke dersom:

  • det er hus eller næringsbygg oppført på eigedommen frå før - unntaket gjeld ikkje dersom det ikkje er bygd på eigedomen frå før
  • gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedommen opnar for bygging av bod, uthus og liknande
  • du ikkje skal bruke bygningen til å bu/overnatte i
  • samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 kvadratmeter
  • det er ein meter eller meir til nabogrensa
  • bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand fra offentlig veg:
    • til kommunal veg skal avstanden vere 15 meter
    • til fylkesveg 57, 570 og 569 og europaveg skal avstanden vere 50 meter
    • til andre fylkesvegar skal avstanden vere 15 meter
    • anna byggegrense som er vist i reguleringsplan
  • maks gesimshøyde er 3,0 meter og maks mønehøgde er 4,0 meter
  • bygningen er frittliggande, i ein etasje og utan kjellar
  • du er innanfor det som er lov å bygga på eigedommen din
  • (utnyttingsgrad/TU)
  • bygningen ikkje vert plassert over vass- og avløpsleidningar - avstand til offentleg leidningsnett må vera meir enn 4 meter
  • tiltaket ikkje vert ført opp i strandsona
    • Det er eit generelt byggeforbod innanfor 100 meters beltet langs sjø. Denne grensa kan vera erstatta av byggegrense i gjeldande plan, som gjer at grensa kan vera større eller mindre enn 100 meter. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du varsle oss når du er ferdig. På den måten får kommunen viktig informasjon om plassering, og kan leggje alle nye bygg over 15 kvadratmeter inn i kartet.

Slik varslar du kommunen når du er ferdig:

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Når du varslar om bod og uthus, skal du bruke blankett 5188 – Melding om bygning eller tilbygg.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre 
  4. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med posten til Modalen kommune, Postboks 44, 5732 Modalen

Du kan søke på eiga hand dersom

  • det er hus eller næringsbygg på eigedommen frå før (du kan ikkje søkje sjølv dersom det ikkje er bygd på eigedomen frå før)
  • gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedommen din opnar for bygging av garasje
  • Bygningen ikkje skal brukast til å bu/overnatta i
  • samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er under 70 kvadratmeter
  • bygningen har ein etasje og kan vere underbygd med kjellar. Kjellar må ha himling mindre enn 1,5 meter over det planerte terrenget sitt gjennomsnittsnivå.
  • bygningen kan ha loft dersom bruksarealet er mindre enn 1/3 av bruksarealet på etasjen under
  • bygningen er plassert minimum fire meter frå nabogrensa. Kommunen kan godkjenne nærare plassering dersom du kan leggje fram skriftleg samtykke frå nabo (lenke til skjema). Alternativt må du søkje om dispensasjon frå avstandskravet til nabogrensa.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk

  • det ikkje er bygd på eigedomen frå før
  • samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er over 70 kvadratmeter
  • du skal bruke bygningen til overnatting eller varig opphald

 

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk. 
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 517
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Før du kan ta i bruk garasjen må du søke ferdigattest, eventuelt kan du søke om midlertidig bruksløyve dersom det står att mindre vesentleg arbeid.
  6. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med posten til Modalen kommune, Postboks 44, 5732 Modalen

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
  • fasadeteikningar
  • planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
  • snitt
  • Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.


Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181. 

 
Kva kostar det?

 Tenesta er gratis i Modalen kommune.

 

Les meir:

Trykk på lenkene for å lese aktuelle informasjonsbrosjyrer på Dibk sine sider:


Kva seier lova?


Plan- og bygningslova kapittel 20.


Byggesaksforskriften (SAK 10) kapittel 3.


Byggesaksforskriften (SAK) kapittel 4

 

Terrasse, platting, veranda eller balkong

Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.

Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt med tak over. Verandaen kan også vere lukka, til dømes som ein glassveranda.

Balkong er ein open bygningsdel, som stikk ut frå fasaden og er plassert framfor ei dør med vindauga. Balkongen har rekkverk og er ikkje understøtta.

Kva du kan byggje, kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar er ikkje omfatta av avstandskravet til nabogrensa. Du kan difor plassere dei nærare enn 4 meter frå nabogrensa.
  • Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, uten rom for varig opphald og er minst 4 meter frå nabogrensa.
  • Tiltaket ikkje blir plassert i strid med regulert byggegrense, eller byggegrense mot offentleg veg. 

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og du skal føre han opp ved ein einebustad, tomannsbustad eller eit mindre rekkehus.

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter.
  • Du skal byggje eller rive ein takterrasse.
  • Du skal byggje eller rive ein balkong.

Slik søkjer du

  • Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  • Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  • Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  • Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  • Skjemaet sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med posten til Modalen kommune, Postboks 44, 5732 Modalen.


Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
  • vere målsett
  • vise kva du skal bygge
  • vise avstand til nabogrense
  • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
  • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
  • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
  • Vera målsett
  • Fasadeteikningar der du viser vterrenglinjer for nytt og eksisterande terreng
  • Planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
  • Snitt med gesims- og mønehøge
  • Grunngjeven søknad om dispensasjon om tiltaket krev det
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.
  • Vurder det du skal bygge opp mot gjeldande plankart og føresegner som gjeld for eigedomen din.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kva kostar det?
Tenesta er gratis i Modalen kommune.

Les meir

Trykk på lenkene for å lese aktuelle informasjonsbrosjyrer på Dibk sine sider:

Veiviser - veranda, balkong og terrasse


Kva seier lova?
Plan- og bygningslova

Små endringar innandørs

Dette gjeld kun for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar. Tiltaket må ikkje gripe inn i bærande konstruksjonar og ikkje bryte ei branncelle.

Du treng ikkje søkje om å få:

  • Setje opp, flytte eller rive ein ikkje-bærande vegg innanfor ei branncelle.
  • Skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom.
  • Installere ny kjøkkenventilator som ikkje vert kopla til ventilasjonsanlegget.
  • Installere kjølerom.
  • Installere ny vask i eksisterende bustad som allereie har sanitæropplegg.

 

 Gjerde, levegg og støyskjerm

Gjerde kan vere plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde, smijernsrekkverk eller andre typar rekkverk med ein enkel og open konstruksjon. Open konstruksjon er ein konstruksjon der både dei som går og køyrer lett kan sjå gjennom konstruksjonen, uansett kva vinkel dei kjem frå.

Levegg er ein tett skjerm som skjermar for innsyn og støy, og gir ly for vinden. Leveggen kan stå fritt eller henge saman med bygningen.

Støyskjerm er ein tett skjerm som avgrensar for innsyn og støy, og gir ly for vinden. Støyskjermen er ofte noko lengre enn ein levegg, og har lyddempande material.

Gjeldande plan for eigedommen kan ha eigne reglar om oppsetting av gjerde, levegg eller støyskjerm. I tillegg kan veglova sine reglar gjelde for desse tiltaka, og kan krevje dispensasjon frå byggegrense mot offentleg veg.

 

Du treng ikkje søkje dersom:

 

  • Gjerdet er ope og luftig til nabogrensa, og maks 1,5 meter høgt.
  • Gjerdet som blir sett opp i grensa til regulert veg og er lågare enn 0,5 meter. Det skal være fri sikt til vegen, både frå eigen og andre sin avkøyrsel.
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang, blir plassert inntil 1 meter fra nabogrensa og plassert med tilstrekkeleg avstand fra offentleg regulert veg. Leveggen kan stå fritt eller henge saman med bygning.
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og maks 5 meter lang, plassert i nabogrensa og blir plassert med tilstrekkeleg avstand fra offentlig regulert veg. Leveggen stå fritt eller henge saman med bygningen.

Du kan søkje sjølv dersom:

  • Andre gjerde, til dømes tette gjerder, som ikkje kjem inn under unntaka over
  • Leveggar som er høgare og/eller lengre enn det som går fram over.


Du må søke med hjelp fra fagfolk dersom:

  • Du skal setje opp eller rive ein støyskjerm.
  • Andre gjerde (tette og «tunge» gjerde) og andre leveggar enn dei som er nemnt over
  • Døme på slike konstruksjoner er store tunge leveggar, skjermvegg eller innhegning

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med posten til Modalen kommune, Postboks 44, 5732 Modalen.

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • terrengprofilar som viser høgder og lengder
  • Grunngjeven søknad om dispensasjon om tiltaket krev det
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.
Kva kostar det?

Tenesta er gratis i Modalen kommune.

Kva seier lova?

Plan- og bygningslova – kapittel 4
Grannelova (nabolova)
Lov om grannegjerde


Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 15.05.2023
Publisert: 29.10.2018