HjemPlan, bygg og eigedomByggjesakerSkal du bygga, endra eller rivaKlage på eit vedtak i ei bygge-eller delingssak

Klage på eit vedtak i ei bygge-eller delingssak

Har du som søkjer fått eit vedtak som du vil klage på?

Klagefristar

Fristen for å klage er tre veker frå vedtaket vart levert i postkassa eller på e-posten din.

Slik klagar du

  • Vi har ikkje eit eige skjema for å sende ein klage. Klagen sender du i eit vanleg brev til oss.
  • Klagen må vere skriftleg. Du må vise til vedtaket det vert klaga på og kva endring du ønskjer i vedtaket.
  • Klagen sender du på e-post til postmotak@modalen.kommune.no eller med post til postboks 44, 5732 Modalen
  • Du må poste klagen før fristen går ut.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å klage på eit vedtak.

Kva skjer vidare?

  • Når du sender klagen, vil du motta eit brev som stadfestar at vi har mottatt klagen din.
  • Dersom du har bedt om utsett iverksetting av vedtaket, vert det vurdert av kommunen.
  • Dersom det er fleire partar involvert, så vert klagen sendt til partane med frist for å gi kommentarar til klagen.
  • Vi vurderer klagen og kan endre vårt vedtak.
  • Vi behandlar klagen din innan tolv veker. I saker der vi har gitt utsett iverksetting av vedtaket, er fristen seks veker. 
  • Dersom vi ikkje godtar klagen, sender vi klagen vidare til politisk behandling i kommunen.
  • Dersom klagen ikkje blir godkjent, blir klagen videresendt til Fylkesmannen i Hordaland for behandling. Fylkesmannen skal behandle klagen innan tolv veker.

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 20.05.2020
Publisert: 23.10.2018