HjemPlan, bygg og eigedomByggjesakerKontaktinformasjon byggesak

Kontaktinformasjon byggesak

Ansvar for vatn- og avlaup, renovasjon og byggesak.

 

Byggesaksskjema

Tilskot bustadetablering

Her finn du tilskot for bustadetablering

Tomtar

Bustadetablering i Modalen
Modalen kommune har ledige tomtar på Mo, Helland og Øvre Helland, for nærare informasjon om prisar og kva tomtar som er ledige, ta kontakt med teknisk etat.
Modalen kommune yter tilskot til førstegangsetablerarar, eller dei som byggjer hus for første gang i Modalen kommune. For meir informasjon sjå «Tilskotsreglar for bustadetablering i Modalen kommune»


Sjå også Husbanken sine startlånssider:
http://www.husbanken.no/startlaan/

Generelt

Føremål med Plan-og bygningsloven med tilhøyrende forskrifter er å sikra produkt med god kvalitet. Det er kommunen sitt overordna mål å føre tilsyn med at dokumenta ved ein søknad er tilstades og at sakshandsamar for dei ulike områda har tilfredsstillande kvalifikasjoner. Dessutan skal kommunen sjå til at alle krav som offentlege lover og forskrifter krev, er oppfylte i dokumentasjonen før løyve til tiltak vert gjeve.

Sakshandsaming

Dei fleste enkle tiltak som det vert søkt om i Modalen, er av ein slik type at dette er saker som kan avgjerast ved at løyve vert gjeve ved delegert vedtak. (Kurante saker).
Slike saker prøver me å handsama etter kvart som dei kjem inn. Der alle detaljer er avklara, vil løyve normalt vere gjeve innan 1 månad frå søknad er motteken.
Ved meir ”kompliserte” søknader der fleire ulike instansar skal uttale seg før løyve vert gjeve, vil det nødvendigvis gå lengre tid.
Saker som ikkje kan handsamast som delegerte saker, vert handsama politisk og då er sakshandsamingstida noko avhengig av kor ofte det er politiske møte. 

Kommunale utleigebustader

Søknad om kommunal bustad

 

 Modalen kommune har utleigebustader på Øvre Helland, Kleivane og Mo.

Spørsmål kan rettast til rådmann Jo Tømmerbakke eller teknisk sjef Tone S. Skuggevik.

 


Sist oppdatert: 12.05.2023
Publisert: 29.10.2018