Ungjobb 2024

Tilbod om ungjobb

Modalen kommune tilbyr alle ungdommar med bustadadresse i Modalen kommune arbeid for 3 veker i sommarferien.

  • Tilbodet gjeld ungdommar fødd mellom 2004 - 2008.
  • Arbeidet vil bli gjennomført i veke 26,27 og 28.
  • Kommunen avgjer kven som får tilbod på dei ulike arbeidsplassane
Kva må du gjere for å få ungjobb?

For å få tilbod om ungjobb må du skrive arbeidssøknad.  Alle skal skrive litt om seg sjølv, kva ein liker å gjere på, kva ein ynskjer å arbeide med og kvifor. Dersom du treng særskild tilrettelegging, må du også skrive litt om dette.

For at du skal få løn for heile perioden må du rette deg etter dei krava som vert stilt på arbeidsplassen. Krava på dei ulike arbeidsplassane kan vere ulike, men alle ungjobbarar må mellom anna vise at de kan:

  • møte presis på jobb
  • vise respekt for andre og kvarandre
  • utføre dei oppgåvene de har fått i oppdrag
  • ikkje bruke mobil unødvendig i arbeidstida

 

Kva kan du jobbe med og kvar?

Bryggjeslottet:

Bassenget og bowling er tilgjengeleg kvar dag om sommaren frå kl. 10.30-17.00. Vi kan tilby 2 personar arbeidet som vert på Bryggjeslottet. Det er eit krav om at du er over 18 år og kan ta eller har gjennomført livredningskurs.

Aktivitetsveker for unge frå 4.-10. klasse

Modalen kommune arrangerer aktivitetsveker i veke 27 og 28. Vi treng 2 leiarar som i veke 26 planlegg kva som skal gjennomførast og deretter tar ansvar for oppfølging og aktivisering av borna dei to neste vekene.

Teknisk drift

På teknisk kan du hjelpe til med førefallande arbeid. Kommunen treng hjelp til å rigge klart til Modalsdagane, andre oppgåver er gartnar- eller malearbeid, rydde turstiar, utearbeid som t.d. spyling kosting og rydding av fellesområde. Ved bruk av maskiner, stilas og reiskaper er det er krav om at du er over 18 år.

Reinhaldar teknisk drift

Vi treng hjelp til vanleg reinhald av kommunale bygg. I tillegg vil arbeidet vere nedvask (som betyr full vask av tak, veggar, vindu og gulv) og annan type rydding. 

Rydding av turstier

Ved hjelp av teknisk etat vil det tilrettelagt for merking og rydding av stier i kommunen. 

SFO - Mo skule

Arbeida saman med Sfo-personalet ved Mo skule. Sjå til at alle har det trygt. Setje i gang varierte og meinigsfulle aktivitetar med borna på skulen/sfo sitt område. 

Modalen barnehage

Arbeidet i barnehagen vil i hovudsak bestå av samspel og sysselsetting av borna, vere aktive i leik og delta i pedagogiske opplegg. I tillegg kan du få oppgåver som  vask og rydding av ulike områder innandørs. Me har til tider samarbeid med teknisk om maling av leikeapparat ute, førebu og rydde opp etter måltid. Me tilbyr varierte dagar med mykje innhald.

Modalstunet

Arbeid på Modalstunet kan vere reinhaldsoppgåver på kjøkken, baking, hagearbeid og elles forefallande arbeid i lag med tilsette. Dersom du er over 18 år kan du vere i avdeling og ha aktivitet med dei eldre og  ta del i stell mm. Vonar me ser deg som søkjar hjå oss! 

Retningslinjer for ungJobb

 Klikk her for å lese retningsliner for ungjobb

 Søknadsskjema ungjobb

Som ein del av det å få erfaring med arbeidssøknadsprosessen er det lagt opp til at du må søkje på stillinga via JobbNorge, som er eit program mange instansar nytter i sine rekrutteringsprosessar, også Modalen.

Klikk her for å søkje på UngJobb

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med oss på postmottak@modalen.kommune.no eller på telefon 56599000


Sist oppdatert: 20.02.2024
Publisert: 23.02.2023