Museum og samlingar
Det vart bygd to skulehus i Modalen i 1888, eit på Øvre Helland og eit på Mo. I 1902 vart det og bygd eit skulehus for Nottveit krins, på bøen ved Mostraumen.
Skulehuset på Øvre Helland var i bruk til 1957. Frå då av vart borna frå alle krinsane samla i det nye skulehuset på Hugnastad. Skulehuset på ØH vart seldt og brukt til fritidsbustad ei tid. Modalen kommune kjøpte det etterkvart tilbake og sette det i stand til skulemuseum. Her finns ei fin samling av ulike saker frå alle skulehusa i Modalen. Skulestova står enno slik ho vart bygd, utan endringar, og vert brukt til temadagar for skulen samt andre tilstellingar. I kulturminnevernplanen for Modalen (2000) er huset sett i vernegruppe B og er såleis eit kulturminne med stor lokal verdi som bør sikrast med særskilde tiltak.
Dei to andre skulehusa i Modalen er seld til private.