Retningsliner for borgarleg vigsel skal gjere greie for ansvar og forhold ved borgarleg vigsel i Modalen kommune. Det er utarbeidd eigne prosedyrar for sakshandsaming.


Informasjon om vigsel


Kommunen informerer om tilbodet om borgarleg vigsel på heimesida. Her vil interesserte kunne finne all informasjon dei treng for å kunne vurdere om dei ynskjer å nytte seg av tilbodet. Kontakt kundetorg på postmottak@modalen.kommune.no eller tlf: 56 59 90 00

 

Søknadsskjema for vigsel


Seremonirom


Formannskapsrommet i kommunehuset vert nytta som seremonirom. Stolar, bord og tilhøyre er lagt til rette på eit vis som skal bidra til å gjere seremonien til ei høgverdig, spesiell og minnerik oppleving for brureparet. Det er lagt til rette for at forlovarar, vitner og/eller gjestar skal kunne ta del. Det er lov å fotografere både undervegs og i etterkant av vigselen.
Vigslaren nyttar standard vigselsformular. Ein kan velje nynorsk, bokmål eller engelsk. Det er råd å avtale tillegg som t.d. song, diktlesing e.l.


Generelt om vigsel i Modalen kommune


Vigselsmynde i Modalen kommune
Ordførar og varaordførar har etter lova vigselsrett. I tillegg har kommunestyret vedteke at Jo Tømmerbakke (rådmann) og Tonje Husum Aarland (assisterande rådmann) også skal vere faste vigslarar. Slik skal kommunen kunne vere godt rusta til å ta imot ynskjer frå aktuelle. Ein får i utgangspunktet tildelt vigslar dersom det ikkje vert lagt fram ynskje frå brureparet.


Tidspunkt for vigsel
Modalen kommune tilbyr i utgangspunktet vigsel alle dagar i løpet året. Me avgrensar heller ikkje på klokkeslett. Slik trur me at dei som skal gifte seg kan skape seg si spesielle og unike oppleving. Modalen kommune vil gjerne bidra til dette. Det er ein føresetnad at kommunen har tilgjengeleg vigslar til ynskt tidspunkt. Ein ordinær vigsel utan tillegg vil vare i om lag 15 minutt.


Kvar kan ein bli vigsla?
Kommunen tilbyr vigsel i formannskapsrommet i kommunehuset. Det er råd å bli vigsla i anna bygg eller ute dersom ynskjeleg. Modalen kommune avgjer om førsepurnaden kan imøtekommast.


Kven kan bli vigsla i Modalen?
Alle kan bli vigsla i Modalen, sjølv om ein ikkje bur i kommunen.

Kva kostar vigselen?
Vigselen er gratis. Kostnader til pynt og dekorasjonar, musikk eller andre kunsteriske innslag vert dekka av brureparet. Det same gjeld kostnadar som kjem i samband med vigsel andre stadar enn formannskapsrommet.

Anna
Ein kan tinge vigseltidspunkt inntil 1 år i forkant, og seinast 1 veke før vigseltidspunkt.