Søkje tilskot
Søkje produksjonstilskot
Du kan søkje om produksjonstilskot dersom du driv med jordbruk.
Du kan får støtte til drift av:
- jordbruksareal
- grønt- og potetproduksjon
- husdyrhald
Tilskotet blir gitt etter satsar og soner som blir fastsette i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema.
Send søknaden på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med brev til:
Modalen kommune
Postboks 44
5732 Modalen
Du kan òg søkje elektronisk via altinn.no.
Nye søkjarar blir oppmoda om å kontakte kommunen i god tid før søknadsfristen. Dette er for å sikre seg at landbrukseigedommen er registrert i Landbruksregisteret.
Søknadsfrist:
Søknadar må sendast via Altinn:
- 15. mars
- 15. oktober
Kven kan få tilskott?
Landbruksføretaket ditt må drive vanleg jordbruksproduksjon og vere registrert i Einingsregisteret. Føretaket må vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og levere årsoppgåve som landbruksføretak.
Føretak som berre søkjer tilskot til birøkt, er unnateke kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytte til driftsfellesskap og eigarforhold.
Klage på vedtak
Du kan klage på det endelege vedtaket innan tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, sender vi saka vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kva seier lova?
- Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
- Altinn – Produksjonstilskudd i jordbruket
Søkje avløysarordning i jordbruket
Avløysarordninga er ein del av velferdsgodene i landbruket. Du kan søkje om tilskot til avløysing ved mellom anna:
- ferieavvikling
- sjukdom
- svangerskap/fødsel/adopsjon
- følgje av sjukt barn til behandling
- dødsfall i nær familie
Tilskotet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgivaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.
Slik søkjer du
Du fyller ut søknadsskjemaet frå Landbruksdirektoratet.
Tilskot til avløsning ved sjukdom og fødsel.
Søknadsfrist:
- 15. mars
- 15. oktober
Kven kan søkje?
Landbruksføretak
Vilkår
Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket.
Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.
Kva skjer vidare?
Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å gjere eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngiving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom du kan bli misnøgd med vedtaket.
Dersom grunngivinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å kontakte kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. Sjå i søknadsskjemaet når det gjeld tidspunktet og retningslinjene for utbetaling av tilskotet. Ta eventuelt kontakt med kommunen.
Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når vi ventar at vedtaket vil bli gjort.
Klage på vedtak
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kva seier lova?
Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket
Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
Søkje spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.
Slik søkjer du
Søknadsfrist er 15. mars.
Trykk her for å laste ned søknadsskjema til SMIL-midlar.
Send søknadsskjemaet på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med brev til:
Modalen kommune
Postboks 44
5732 Modalen
Kven kan søkje?
Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.
Krav til søkjar
Vi kan gi tilskot til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.
Vi kan òg gi tilskot til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket.
Kva skjer vidare?
Kommunen avgjer søknaden om tilskot og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.
Har du fått innvilga tilskot, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.
Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klage på vedtak
Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til landbruksavdelinga. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal vi vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, sender vi saka til Fylkesmannen.
Kva seier lova?
Forskrift om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket
Søkje tilskot til drenering
Formålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det frå 2016 òg bli gitt tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.
God drenering eller grøfting er viktig for å få gode avlingar. Store delar av den dyrka jorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gir dårlege veksttilhøve for plantene og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegare kvalitet. Dårleg drenert jord gir òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.
Vi gir ikkje tilskot om tiltaket fører til
- monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
- stor fare for flaum og vassureining
- fare for skade på automatisk freda kulturminne
Vi gir heller ikkje tilskot om du allereie har starta på tiltaket før du har søkt og fått innvilga tilskotet.
Slik søkjer du
Når du søkjer om tilskot, må du nytte skjemaet frå Landbruksdirektoratet som du finn her:
Trykk her for å laste ned søknad om tilskot til drenering
Du får utbetalet tilskottet etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Du må gjennomføre tiltaket innan tre år frå då søknaden blei innvilga.
Kven kan søkje?
Målgruppa er eigar av eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering.
Klage på vedtak
Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.
Søkje erstatning for husdyr som er drepne eller skadde av rovvilt
Du kan få erstatning når husdyr er drepne eller skadde av rovvilt. Det er naturmangfaldslova som regulerer dette.
Statens naturoppsyn skal undersøkje daude eller skadde dyr. I dei tilfella der dyr er forsvunne på beite og ein ikkje kan finne kadaveret for å slå fast dødsårsaka, kan Fylkesmannen likevel erstatte tapet dersom Fylkesmannen meiner at det er svært sannsynleg at rovvilt står bak tapet.
Husdyr vil mellom anna seie sau, geit, storfe.
Rovvilt vil seie gaupe, jerv, ulv, bjørn og kongeørn.
Slik søkjer du
Fyll ut det elektronisk søknadsskjemaet om rovvilterstatning.
Trykk her for å laste ned elektronisk søknad om rovvilterstatning
Kven kan søkje?
Husdyreigarar.