Skogfond

Når du sel tømmer, har du som skogeigar plikt til å setje av midlar til eit skogfond.

Du vel sjølv prosentsatsen (4–40 prosent) alt etter investeringsbehovet du har på eigedommen. Når du tar ut pengar frå skogfondet til godkjende tiltak, blir 15 prosent inntektsførte, mens 85 prosent er skattefrie. Difor er det viktig å setje av nok pengar på fondet slik at du kan nyttiggjere denne økonomisk gunstige ordninga.

Du kan bruke skogfondmidlane til:

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vedlikehald av skogsbilvegar
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osv.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

 

Krav til deg

For at skogfondmidlar skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Kva skjer vidare?

Vi behandlar søknaden din så snart som mogleg, og prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 18.09.2018
Publisert: 18.09.2018