HjemLandbruk og næringEr du tilflyttar?

Er du tilflyttar?

Modalen kaifront - kommunesentrum

 

Modalen kommune

Modalen kommune ligg innerst i Mofjorden nord i gamle Hordaland, cirka halvanna time frå Bergen. Med 378 innbyggjarar er Modalen landets nest minste kommune i folketal. Kommunen har høghastighetsinternett gjennom fiberkabel til alle innbygjarar og eit godt aktivitetstilbod. Bryggjeslottet er namnet på kommunens aktivitetshus, og her finn du blant anna bowling, treningsrom, bibliotek og eit basseng som heldt ein temperatur på 30c+.

 

Tilskot ved bustadbygging/kjøp

Modalen kommune har gunstige ordningar for å hjelpe folk ved bustadetablering i dalen.

Tilskotsreglar for bustadetablering i Modalen

Kontaktinformasjon byggesak

Eigedomsskatt og byggesaksgebyr

I Modalen kommune er det ikkje eigedomsskatt, verken på hus eller hytter. Kommunen er også ein av få utan byggesaksgebyr.

Arbeidsliv

Modalen kommune har eit rikt næringsliv, og då spesielt ein sterk IT sektor. Regnskapsprogramleverandøren Uni Micro har sitt hovudkontor i kommunehuset på Mo. Industri er her også sidan kommunen eksporterer ein god del sand, samt at Eviny (tidligere BKK) har store vasskraftverk i kommunen. Kommunen er den desidert største arbeidsplassen i Modalen, og har cirka 80 ansatte.

Ledige stilinger Modalen (finn.no)

Bedrifter i Modalen

Næring

Vil du starte for deg sjølv? Det er gode lokale og regionale ordningar som hjelper til med etablering av nye bedrifter i kommunen. For kontorlokal kan du enten ta kontakt med Modalen næringsbygg AS ved 945 02 682 eller følge linken under for meir informasjon.

Næringsfond

Nærinsbygg/areal

 


Sist oppdatert: 15.05.2023
Publisert: 13.05.2020