HjemLandbruk og næringBu- og driveplikt

Bu- og driveplikt

Buplikt

Buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen.

Det kan vere buplikt på landbrukseigedommar og på andre eigedommar. I nokre tilfelle er buplikta lovbestemt. I andre tilfelle kan kommunen bestemme at det er buplikt på eigedommen, anten ved forskrift eller i kvar einskild sak.

Buplikta kan vere personleg eller upersonleg. Personleg buplikt betyr at du som eig må bu der sjølv. Personleg buplikt blir oppfylt når du som har buplikt er folkeregistrert som busett på eigedommen.

Upersonleg buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen, men at dette ikkje treng å vere eigaren sjølv. Upersonleg buplikt blir oppfylt når nokon er registrert som busett på eigedommen i folkeregisteret.

Kva for eigedommar har buplikt?

Kommunen skal ut frå omsyn til busetting, ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det skal vere buplikt på ein eigedom, og kor lenge plikta skal vare.

Buplikt kan vere eit vilkår for å få konsesjon.

Det er ikkje buplikt på konsesjonsfrie eigedommar. Frå dette gjeld eit unntak, slektskap og odel.

Eigedom med bustader der fulldyrka og overflatedyrka jord på eigedommen er meir enn 35 dekar, eller der eigedommen har meir enn 500 dekar produktiv skog, kan du overta konsesjonsfritt på grunn av odelsrett eller slektskap. Det er eit vilkår at eigedommen har eit hus som er eller har vore i bruk som heilårsbustad, eller at det er hus under oppføring på eigedommen.

Konsesjonsfridommen er i slike saker avhengig av at den som overtar flytter inn på eigedommen innan eitt år og bur der sjølv i minst fem år (personleg buplikt).

Kva skjer om buplikta ikkje blir oppfylt?

Kommunen har ansvar for å kontrollere og følgje opp brot på buplikta. Brot kan føre til at eigedommen blir tvangsseld.

Trykk her for å lese meir om buplikt på departmentet sine heimesider.

Søkje om driveplikt på landbrukseigendom

Eig du ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Du oppfyller driveplikta når du sjølv driv arealet eller leiger det bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen.

Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta må du sende søknad til kommunen.

Slik søkjer du

Søknad om fritak for driveplikta på landbrukseigedommar i Modalen kommune sender du på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med brev til:

Modalen kommune

Postboks 44

5732 Modalen

Søknaden kan gjelde heile eller delar av jordbruksarealet. Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan òg stillast vilkår for fritaket.

Kven kan søkje fritak?

Eigarar av jordbruksareal, som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Vilkår

Kommunen vil leggje vekt på

  • kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • storleiken på arealet og avkastingsevna
  • om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedommen ligg
  • søkjar sin livssituasjon

 

Kva skjer vidare?

Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter gjer vi eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngiving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngivinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å kontakte kommunen innan klagefristen for vedtaket.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Klage på vedtak

Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er teke imot. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du kontakte kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kva seier lova?

Lov om jord (jordlova) § 8 Driveplikt
Lov om jord (jordlova) § 8a Fritak frå driveplikt
Driveplikten etter jordloven, rundskriv 2009
Driveplikten etter jordloven, rundskriv 2011

Driveplikten etter jordloven, rundskriv 2021

 

Søkje konsesjon

 Konsesjon må være gitt for at ervervet kan tinglyses.

Konsesjon betyr løyve til å erverve fast eigedom.edtak

  • Erverv er eit fellesord for alle måtar du kan overta ein eigedom på: kjøp, arv eller gåve.
  • Fast eigedom er for eksempel eit hus, ein gard, ei tomt eller andre areal.

Slik søkjer du

  1. Trykk her for å til Landbruksdirektoratet sine heimesider om konsesjon.
  2. Last ned og fyll ut riktig skjema.

Send søknadsskjemaet på e-post til postmottak@modalen.kommune.no eller med brev til:

Modalen kommune
Postboks 44

5732 Modalen

Konsesjonsfrie erverv

Hovudregelen er at du utan konsesjon kan erverve eigedom med bygningar som

  • er maks 100 dekar
  • har maks 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord

Erverv av tomt som kommunen har lagt ut til bustad- eller fritidsformål, og erverv av ubygd areal som i kommune- eller reguleringsplan er lagt ut til anna enn landbruksformål, er òg som oftast konsesjonsfritt. Erverv av leilegheit er konsesjonsfritt.

Erverv frå nær familie er som regel konsesjonsfritt. Dei same reglane gjeld for sambuarar som for ektefellar.

Når ervervet gjeld ein landbrukseigedom, kan konsesjonsfridommen vere omfatta av buplikt. Ervervet er òg konsesjonsfritt når ervervaren har odelsrett til eigedommen. Konsesjonsfridommen er omfatta av buplikt.

Når må eg sende eigenerklæring om konsesjonsfridom?

Dersom ervervet er konsesjonsfritt, er hovudregelen at ervervaren sender inn eigenerklæring. Ervervaren må sende erklæringa til kommunen for stadfesting og etterpå til Kartverket for tinglysing.

Eigenerklæring er ikkje nødvendig ved

  • erverv av utbygd eigedom der arealet ikkje overstig 2 dekar
  • erverv av dei fleste typar leilegheiter

Når må eg søkje om konsesjon?

Dersom ervervet ikke er konsesjonsfritt, må du søke konsesjon. Søknad om konsesjon fremsettes på eget skjema, som sendes til kommunen.

Konsesjon skal vanligvis ikke gis dersom det oppstår sameie i eigendommen.

Klage på vedtak

Du kan klage til Fylkesmannen innan tre veker etter at du mottok vedtaket frå Modalen kommune.


Sist oppdatert: 23.02.2022
Publisert: 18.09.2018