HeimHelse, sosial og omsorgTransportordning

Transportordning

Parkeringstillatelse for forflytningshemma

Parkeringsløyve er eit bevis på at du kan parkere på plassar for rørslehemma.

Kva skjer vidare?

1.Vi vurderer søknaden din.
2.Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar
3.Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

 

Kva får du?


Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:
•Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
•Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
•Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
•Stadar der det er innført bustadsoneparkering.

Krav til søkjar


Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstand.
Du må dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivtetar, for eksempel legebesøk

Søknadsfrist


Det er ikkje søknadsfrist for parkeringsløyve. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Send søknaden med vedlegg til:

Modalen kommune 

postboks 44

5732 Modalen.

Søknadskjema parkeringstillatelse

 

Ledsagerbevis for funksjonshemma

Følgjekort eller ledsagerbevis er eit tilbod til deg med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Kortet gjer deg rett til å ha med følgje gratis, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur -og fritidsarrangement  og offentleg transport .

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år
  • Nedre aldersgrense for dette tilbodet er 8 år

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Transportordninga for funksjonshemma TT-kort

Transportordninga for funksjonshemma er eit tilbod til innbyggjarar i Hordaland som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytta det ordinære offentlege kollektive rutetilbodet. Hordaland fylkeskommune som administrera ordninga.

Informasjon TT-kort og søknadsskjema


Sist oppdatert: 25.10.2018
Publisert: 12.09.2018