Helse
Kontaktinformasjon
Kommuneoverlege/fastlege Frøydis Gullbrå
Telefon: 56 59 90 40
E-post: froydisgullbra@modalen.kommune.no
Program for helsesenteret
Januar 2019
*LEGEKONTOR: Telefon: 56 59 90 40
Opningstider: Måndag, tysdag, torsdag: kl. 08.30-15.00.
Telefontid: Kl.08.30-15.00 (Me ynskjer ikkje telefonar i tida 12-13)
Det er ikkje lege på kontoret 21.januar
Lege Willy Davidsen er i Modalen fylgjande dagar i februar:
7. februar, 12. februar og 14. februar.
HELSESTASJONEN: Telefon : 56 59 90 42 . Helsesøster (Marta): 99526851
Me har avtale med Masfjorden kommune der Helsesøster Marta Midtbø vil arbeide hjå oss 1 dag i veka. Ho vil stort sett vere her torsdagar.
*FYSIOTERAPI: Telefon: 56 59 90 43 / 40920272
Opningstid: mandag, onsdag og fredag kl 09.00 - 15.30
*PSYKISK HELSETENESTE: Telefon: 56 59 90 48 / 99 09 00 02/ 94 50 73 88
*NAV-kontor i Modalen: Telefon 53 04 51 16
Nav-kontoret er lokalisert i 1.etasje i kommunehuset. Kontoret er ope kvar torsdag frå klokka 10.00 til 14.00.
Opningstider og legevakt
Legekontor
Opningstider:
Måndag, tysdag, torsdag: kl. 08.30-15.00.
Fastlege Frøydis Gullbrå
Telefontid:
Kl.08.30-15.00
(Me ynskjer ikkje telefonar i tida 12-13)
Slik bestiller du time
Det er mange som ynskjer å nå oss via telefon. Om du vil spare tid, kan du nytte deg av vår SMS-køfrisystem.
Du skriv då MODALEN, fødselsdatoen din og navnet ditt, og sender meldinga til 2097. Ei melding kan sjå slik ut:
MODALEN 05.05.90 Ola Hansen ynskjer time, gjerne neste veke.
Tenesta kostar kr 6,00 pr melding. Du kan sende melding heile døgnet.
Avbestille time, eller endre timeavtale
Ring oss eller send MODALEN navnet ditt og fødselsdato med avbestilling eller ynskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timer før konsultasjonen skal finne stad, ellers må du betale for timen.
Legevakt for Modalen
Ved behov for legehjelp når det ikkje er lege i Modalen, kontakt
Nordhordland legevakt: Tlf. 116 117 / Ved behov for akutt-hjelp ring 113
Helsestasjon
Hjelpa du kan få her inkluderer helsekontrollar og oppfølging av barn 0-6 år, helsestasjon for ungdom, skulehelseteneste og vaksinasjonar etter barnevaksinasjonsprogrammmet. Helsesyster tilbyr også heimebesøk kort tid etter fødsel.
Helsesyster er i Modalen 1 dag kvar veke.
Kommunen har avtale med Masfjorden kommune, helsesøster Marta Midtbø vil arbeide hjå oss 1 dag i veka. Ho vil stort sett vere her torsdagar.
Telefon: 99 52 68 51
E-post: martha.midtbo@masfjorden.kommune.no
Fysioterapi
Fysioterapeut Terje Askeland
Telefon: 56 59 90 43 mobil 957 33 427
E-post: terje.askeland@modalen.kommune.no
Fysioterapeuten er og kontaktperson for tekniske hjelpemidlar.
Fysioterapeut Martha Thorsheim vikarierer i tida 13.08.18 - 30.06.2020
telefon: 56 59 90 43 mobil 409 20 272
E-post: martha.thorsheim@modalen.kommune.no
Psykisk helseteneste
Psykisk helseteneste gir tilbod til personar som treng hjelp for psykiske vanskar eller rusproblem. Det er eit lågterskeltilbod, og pårørande, brukar sjølv eller andre i hjelpeapparatet er velkomne til å ta direkte kontakt. Hjelp blir gitt gjennom samtaler, individuell oppfølging eller gruppeaktiviteter – etter kva som er ynskjeleg og tenleg.
Kontaktinformasjon
Jorunn Brekkhus
Telefon: 56 59 90 48
Mobil: 99 09 00 02
E-post:
jorunn.harvik.brekkhus@modalen.kommune.no
Bente Håvåg
Telefon: 56 59 90 48
Mobil: 976 77 674
E-post:
bente.havag@modalen.kommune.no
Jordmor
Modalen kommune har avtale med Lindås kommune om jordmorteneste for svangerskapskontrollar. Jordmor kan nåast via Knarvik helsestasjon på telefon 56375074.
Krisesenter
Modalen kommune har samarbeidsavtale med krisesenteret for Bergen og omegn.
Ta kontakt på vår døgnåpne telefon: 55 31 50 50
Krisesenteret for Bergen og omegn
Kreftkoordinator i Nordhordland
Kven er tilbodet meint for?
Du kan ta kontakt dersom du:
Nyleg har fått ein kreftdiagnose
Er pårørande til ein som har kreft
Ventar på behandling
Er under behandling
Har seinverknader etter kreftbehandling
Er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
Ikkje blir frist og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen
Pårørande kan også ta kontakt. Det same kan samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Kva kan kreftkoordinatoren hjelpe deg med?
Vere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande
Gi råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering
Vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid
Ha oversikt over og informere om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering
Vere eit bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt til ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnarar
Sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande
Koordinere og leggje til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime
Omsorg ved livets slutt
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Korleis tar du kontakt?
Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du eller dine pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.
Samtale med kreftkoordinatoren kan skje heime hos deg, på telefon eller kontoret til kreftkoordinatoren.
Kreftkoordinatoren er tilgjengeleg på telefon mellom 09.00 og 15.00 på kvardagar.
Anne-Britt Hauge, kreftsjukepleiar
E-post: anne-britt.hauge@lindas.kommune.no
Mobil: 409 10 889