HeimHelse, sosial og omsorgHeimetenesta i Modalen

Heimetenesta i Modalen

Kontaktinformasjon:

Pleie- og omsorgsleiar: Margrethe Laastad Kvamme
tlf. 56 59 90 91 Mobil: 94 50 73 83

Pleieavdeling tlf. 56 59 90 90

Epost: margrethe.kvamme@modalen.kommune.no

Besøksadresse: Balane 36, 5729 Modalen

Her finn du oss!

 

Felles søknad pleie- og omsorgstenester

 

Betalingssatsar

1.For brukarar som får praktisk hjelp og opplæring, her medrekna heimehjelp og husmorvikarteneste:

 
Inntil 2G 

kr. 200,-

kr. 80,-
2 - 3 G kr. 500,- kr. 85,-
3 - 4 G kr. 880,- kr. 120,-
4 - 5 G kr. 1.400,- kr. 160,-
over 5 G kr. 1.920,- kr. 200,-
     

Abonnementspris vert nytta dersom dette fell rimelegast for brukaren.

Grunnbeløpet (G) i folketrygda vert lagt til grunn for utrekning av satsane.  
(G = kr. 90.068,- pr. 01.05.2015. ) Det er siste tilgjengelege skattelikning, basert på husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag, som vert lagt til grunn for utrekning av inntekta.


Det vert gjeve fritak for betaling av abonnementspris ved sjukehus- og rekonvalesentopphald utover 30 dager i kalenderåret. Brukar må sjølv gje melding når denne grensa er nådd. Det vil ikkje verta kravd eigenbetaling for heimetenester i periodar der brukar har opphald ved Modalstunet.  2. Kortidsopphald i institusjon lik norm for akseptert tak pr døgn p.t: kr     160,-  3. Dag/nattopphald skal vera lik norm for akseptert tak pr dag/natt p.t:  kr   80,-  4. Middag kjøpt i institusjon pr. porsjon:   kr   95,-     (Graut laurdagar kr. 60,-)    (Besøkjande og tilsette som kjøper middag  kr 120,-) 5. Frukost og kveldsmat kjøpt i institusjon pr. porsjon:  kr  65,-  6. Tryggleiksalarm pr år: kr.          0,-  7. Dagtilbodet «onsdagsklubben» pr. gong: kr.     180,-  Inkluderer henting/bringing, frukost og middag.   Ved turar og utflukter vert det avtalt eigne satsar. 

Rådmannen får fullmakt til å gjera unntak frå reglane om eigenbetaling når særlege høve gjer seg gjeldande. Maksimal betaling institusjon:  Eigenbetaling ved Modalstunet kan maksimalt fastsetjast til det ein institusjonsplass reelt kostar. For 2018 vert maksimalbeløpet fastsett til kr. 75. 000,- pr. mnd. for institusjonsplass

 

Matlevering

Heimebuande eldre kan etter søknad få middag frå sjukeheimen kjørt heim til seg.

Tryggleiksalarm

Heimebuande som ynskjer det kan søkja om å få leiga tryggleiksalarm gratis.

Alarmen er knytt til firmaet Doro Care A/S som tek kontakt med brukaren. Om naudsynt gjev dei melding til sjukeheimen, som står for vidare oppfølgjing og eventuelt utrykning til den som har utløyst alarmen.

Tekniske hjelpemidlar

Det er eit stort utval av tekniske hjelpemidlar tilgjengelege til bruk i heimane. Kommunen har sjølv eit lite hjelpemiddellager for utlån.
Kontaktperson for hjelpemidlar:

Fysioterapeut Martha Thorsheim 

telefon: 56 59 90 43  mobil 409 20 272

E-post: Martha Thorsheim 

 

Hørselskontakt

Camilla Brugger Brekkhus

tlf. 56 59 90 90

Omsorgsbustadar

Modalen har 2 husvære på Mo og 2 husvære på Øvre Helland som er øyremerkte eldre og uføre. I tillegg til dette er det 2 husvære  som er øyremerkte psykiatri.

Bruk søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester

Individuell plan

Har du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du ønskjer det. Planen skal sikre at du får eit heilskapleg tenestetilbod tilpassa akkurat deg.

Slik søkjer du

Kva får du?

Individuell plan er eit dokument som hjelper deg til å setje personlege mål for korleis du kan få det betre. Planen skal seie noko om korleis du skal oppnå desse måla, som du sjølv er med på å utforme. Planen skal gi oversikt over kva behov du har for offentlege tenester, kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for. For barn og unge er det føresette som er med og bestemmer innhaldet i planen.

Du får oppnemnd ein koordinator som skal sørgje for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med planen. Sjølv om du ikkje ønskjer å få utarbeidd ein individuell plan kan du be om å få oppnemnd ein koordinator.
Kommunen har hovudansvaret for å lage individuell plan dersom du har tenester både frå kommunen og spesialisthelsetenesta.

Kva skjer vidare med søknaden din?

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for individuell plan eller koordinator vil forvaltningskontoret ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator.

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Det er mogeleg å ta i bruk digitale verktøy. Du som eig planen skal ilag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord.


Sist oppdatert: 07.11.2018
Publisert: 14.08.2018