HeimHelse, sosial og omsorgKoronaKorona-vaksinasjon i Modalen

Korona-vaksinasjon i Modalen

Kven skal få vaksine med 3.dose coronavaksine:

Me råder alle dei som har alvorleg nedsatt immunforsvar til å ta 3.dose med vaksine snarast råd.For å få denne 3. dosen må du dokumentere at du har alvorleg nedsatt immunforsvar.

Du kan ringe helsesenteret på telefon 56599040 for å avtale time for vaksinering.Du kan og ringe coronatelefon 94507378.

Du må ta med deg dokumentasjon som syner at du har alvorleg nedsatt immunforsvar når du kjem til vaksine. Om du nyttar nokon av medisinane på lista som ligg på lenka under er du og råda til å ta 3. dose.

Oversikt over medikamentell behandling av immunmedierte lidelser der vi anbefaler 3.dose med vaksine mot covid-19

 

Ytterligere informasjon om en tredje dose til de med alvorlig nedsatt immunforsvar

 

Vaksinasjon med 3. dose covisvaksinasjon

Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar skal no få tilbod om 3.dose covidvaksine.

Spesialisthelsetjenesten vil som hovedregel identifisere og varsle pasientane om tilbud om 3. dose.

Dei fleste pasientene vil kunne vaksineres i kommunene, og pasientene må sjølv oppsøke vaksinasjonstilbodet i eigen kommune for å få time til vaksinasjon med 3. dose. Når pasient har mottatt varsel frå behandlande lege i sjukehus må denne dokumentasjon til kommunen si vaksinasjonsteneste og slik bekrefter ein at pasienten tilhører aktuelle sykdomsgruppe.

 Gjennomføring av vaksinasjon med 3 dose

 

Koronavaksine til born mellom 12 og 15 år

Det er no bestemt at born ned til 12 år skal gjevast tilbod om vaksine mot Covid-19.
Det er nok med ein vaksine til borna.

Modalen kommune planlegg å vaksinere elevar i 7.-10.klasse ved Mo skule onsdag 8.september. Born under 16 år treng samtykke frå foreldre for å få vaksine. Skjema for samtykke er sendt heim med elevane.
Me ber om at dette vert returnert til skulen snarast.
Elevar ved Mo skule som er folkeregistrert i annan kommune enn Modalen får tilbod om vaksine i Modalen.

Dei som har hatt påvist covid-19-sjukdom skal ikkje ha vaksine før om 3-6 mnd.

Spørsmål kring Korona, vaksine og testing kan rettast til Koronatelefonen 94507378.

 

Vaksinasjonsstatus i Modalen:

Det er 235 innbyggjarar i Modalen som no er fullvaksinert.
Alle over 16 år, dei gravide og dei som ammer har no motteke vaksine eller tilbod om vaksine.
Vaksineringa heldt fram kvar onsdag p

å legekontoret, og som tidlegare vert du kontakta for å avtale vaksinering.
Dei som ikkje er vaksinert kan og sjølvsagt henvende seg for avtale.

 

NY INFORMASJON VAKSINERING VEKE 34

Regjeringa har inngått avtale som sikrar Norge i overkant av ein million ekstra vaksinedoser dei næraste vekene.
På grunn av dette vil Modalen få ein stor auke på vaksineglas frå Pfizer som kjem til kommunen.
I veke 34 mottek vi 12 glas med vaksiner, medan det til til vanleg har kome 2-3 glas.

Vaksineringa i veke 34 vil difor finne stad på Brannstasjonen onsdag 25.august.
Innbyggjarane vil bli kontakta via telefon om tilbod.

 

Koronavaksinering veke 26-30

Me er no i gang med å vaksinere og gi tilbod om Pfizer vaksine til prioriteringsgruppe, alder 18-24 år og 40-44 år. Heile årskullet 2003- får tilbod om koronavaksinen, me vil også begynne med lærere og barnehageansatte, dei det gjelder vil bli kontaktet.
Me vaksinerer fortløpande etter retningslinjer frå FHI, sjå prioriteringsrekkefylgja under:

Prioriteringsrekkefylgje:
Bebuarar i sjukeheim
Alder 85 år og eldre
Alder 75-84 år
Alder 65-74 år
og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp
Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstander
Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstander
Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstander
Alder 55-64 år
Alder 45-54 år
Alder 18-24 år og 40-44 år
Alder 25-39 år
Dersom du har ein underliggande sjukdom og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du ta kontakt med legekontoret på tlf. 56599040.

Dei underliggande sjukdommane er:

Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdomar
Diabetes
Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året
Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
Demens
Kroniske hjarte- og karsjukdom (med unntak av høgt blodtrykk)
Hjerneslag
Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit endå berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordrar alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.
Me vil vaksinere torsdagar frå og med veke 26, til og med veke 30 på Helsesenteret. Ber om at du møter presist til timen du har fått.
Er du nyleg flytta til kommunen og ynskjer vaksine, ta då kontakt med legekontoret.

 

Status vaksinering Modalen kommune 14.06.21


Status pr. 14.06.21: 160 personar frå Modalen kommune har fått dose 1+2. 138 personar har fått dose 1.
36 personar frå Vaksdal, med fastlege i Modalen, har fått dose 1+2. Uvaksinerte frå Vaksdal, med fastlege i Modalen, vil frå no få tilbod om vaksine i Vaksdal. Om du ikkje har høyrt noko frå Vaksdal, må du ta kontakt dit.
Alle pasientar som er vurdert som risikopasientar har no fått tilbod om vaksine.
Personar i gruppe 9, fødd i 1960-1970, vert no tilbydd vaksine.
Det vert vaksinering ved Helsesenteret kvar veke i sommar. Det er enno uklart kor mykje vaksiner me får, men me har fått melding om at talet på vaksinedosar skal auke utover sommaren.
Merk: Det er ikkje mogeleg å få utsett vaksinedosane. Så om du får tilbod om dato, må du ta denne. Det vert gjeve beskjed på telefon ca. 1 veke før vaksinasjonsdato.

 

Status på korona-vaksinasjon 17.03.21

Fram til 17.mars har me i Modalen sett 122 vaksinedoser mot Covid-19. 48 personar har fått 2 dosar, og 26 har så langt fått 1 dose. Dette inkluderer både folk frå Modalen og Vaksdal. Me har kun fått vaksine frå BioNTec-Pfizer, og det er denne vaksina alle har fått.
Fram til no har det vore intervall på 3 veker mellom 1 og 2. dose, men for dei som får 1.dose av denne vaksina etter 15.3, vil no doseringsintervall vere 6 veker.

Me følgjer nasjonal prioriteringsrekkefølgje. Dei som står for tur blir kontakta av oss for å få vaksinasjonstidspunkt. De treng ikkje ringe oss. Me forstår folk gjerne vil planlegge, men me kan ikkje seie eksakt dato for vaksinering lenge på førehand, grunna at me får oppgitt kor mange dosar me får tildelt ca 1 veke før dei kjem. Når me nærmar oss ferdig med personar over 65 år og risikogrupper, planlegg me å sende ut informasjon om vidare vaksinasjon av dei under 65 utan risikofaktorar.

Personar busett i Vaksdal med fastlege i Modalen kan få vaksine her. Mange har sagt at dei ynskjer dette. Dei blir også oppringt av oss, når det er deira tur for vaksine. Men merk: Alle som ynskjer vaksina gitt på Dale, må melde seg i Vaksdal kommune sitt system (dette gjeld personar som bur i Vaksdal).


Status på korona-vaksinasjon 12.02.21


Me har sidan starten av januar vaksinert kvar veke med dei tilgjengelege vaksinane Modalen får tildelt. Vaksinen me så langt har fått er Comirnaty frå BioNTec /Pfizer . Denne skal gjevast i to doser med 3 veker mellom dosane. Det er personar over 75 år som er prioritert i første omgong, og det er først etter at alle desse er vaksinert, me kan starte å vaksinere folk med andre risikofaktorar enn alder. Me får melding ei veke på førehand om tal vaksiner me får utlevert, det er difor ikkje råd å seie noko sikkert om korti kvar aldersgruppe eller risikopasientar får vaksine før kort tid i førevegen. Så langt har me kontakta alle som får tilbod om vaksine direkte. Dersom me får tilgong på fleire vaksiner samstundes etterkvart, vil det kunne bli anna innkalling, td med sms og oppslag.
For personar som har fastlege i Modalen, har me nokolunde oversikt over risikofaktorar, men for dei som har fastlege i anna kommune, er de viktig de gir oss melding om de er i risikogruppe for alvorleg sjukdom med korona-virus. Dette for at me kan prioritere rett for vaksine. Informasjon kan de sende på melding via www.helse-norge.no eller på tlf 56599040.

Risikogrupper frå Folkehelseinstituttet: Personar med følgjande sjukdommar/tilstander er definert som medisinske risikogrupper, og kan ha risiko for meir alvorleg forløp av Covid-19 sjukdom. Sjukdom/tilstand merka med * kan gi en høg risiko for alvorleg forløp og død også hjå yngre.

  • Organtransplantasjon*
  • Immunsvikt*
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år*
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nylig avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)*
  • Nevrologiske sjukdommer eller muskelsjukdommer som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS, Downs syndrom)*
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon*
  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar
  • Diabetes
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert cystisk fibrose og alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • Demens
  • Kroniske hjerte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • Hjerneslag

 

Korona-vaksinering startar onsdag 6.januar

Modalen kommune får koronavaksiner både i veke 2 og veke 3.
Me vil no halde fram vaksinering av dei eldste, og i tillegg tilby 20% av vaksinedosane til helsepersonell, som tilrådd. 
Det er eit hetteglas med 5-6 dosar vaksine me få kvar veke. 
Dei som får tilbod om vaksinering, vil bli direkte kontakta frå legekontoret.

Då har me i Modalen motteke det første hetteglaset med korona-vaksiner. Det inneheld minst 5 doser. Vaksinering startar på Modalstunet 6.januar. Kommunen vil få nye dosar med vaksine i vekene som kjem, men det er ikkje sikkert vår vesle kommune får tilsendingar kvar veke. Vaksinasjon vil bli tilbydt fortløpande etter kvart som me har tilgjengelege vaksiner. Me følgjer prioriteringsrettleiar frå folkehelseinstituttet. Alle eldre enn 75 år får først tilbod om vaksine, saman med noko helsepersonell. Deretter blir det prioritert både på alder og på enkelte underliggjande tilstander som gir auka risiko for alvorleg forløp av covid-19 sjukdom.

Innleiingsvis vil alle som får tilbod om vaksine bli oppringt frå oss, med informasjon om vaksinasjonen.  Det kan bli informert på anna vis etter kvart, dersom me får mange dosar samstundes.
Det kan vere ulike vaksinetypar me får til kommunen, og av alle treng ein to doser. Me har garanti for å få nye doser til dei som har tatt første dose. Alle får beskjed om tid for vaksinedose 2, når dei får første dosen. 
Personar busett i Vaksdal kommune som har fastlege i Modalen, kan få korona-vaksine her. Dei blir prioritert på lik linje med andre, og til desse får me vaksinar frå Vaksdal kommune.  Me har eit godt samarbeid med Vaksdal om dette.

 

Start av vaksinasjon mot korona i Modalen


Me har no fått beskjed om at me får 5 doser korona-vaksine i veke 1 2021. Desse dosane går til bebuarar ved Modalstunet, og me planlegg oppstart av vaksinering der i veke 1.
Signala vidare no, er at me får jamlege sendingar utover vinteren med vaksiner, men me veit ikkje kor mange me får i kvar sending.
Me vaksinerer etter gjeldande prioriteringsliste frå sentrale helse-styresmakter. Lista er å finne på nettsida www.fhi.no, under koronavaksinasjonsprogrammet. Det er dei eldste som skal få vaksine først. I Modalen har me gjort avtale med Vaksdal kommune, slik at dei som har fastlege her, får tilbod om vaksine i Modalen.
I første omgong vil dei som blir prioritert bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste. Me ringjer opp til dei som får vaksine i dei første rundane.

Det er viktig at du har tatt stilling til om du ønskjer å ta vaksina eller ikkje før me kontaktar deg.
Det er frivillig å ta vaksina, og den er heilt gratis.

 

Generell informasjon

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Norge vil få tilgong på fleire ulike vaksinetypar, men det er enno noko usikkert kortid me får vaksinene. Signal tyder på at dei første dosane kan kome i løpet av januar. 

Kommunen planlegg no gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli oppdatert på denne nettsida.
Me vil også her informere om kva grupper som vert tilrådd vaksinasjon og rekkefølgja mellom desse. Personar som vert prioritert vil bli kontakta for tilbud om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste. Personar busett i Vaksdal kommune, som har fastlege i Modalen – vil få tilbod om koronavaksine i Modalen.
Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.
Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar fra før, har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.
I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som vert tilrådd koronavaksine. Basert på råd fra

Folkehelseinstituttet har Regjeringa gitt følgjande prioritering, med dei øverste prioriterte først:
• Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader
• Eldre over 85 år
• Eldre over 75 år og deretter de over 65 år
• Personer 18–64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdommar som dei har fra før.
Me vil i Modalen følgje denne prioriteringslista, og tilbyr folk vaksiner så langt me har ut frå denne lista.


Meir informasjon angt koronavaksine:  Folkehelseinstituttets: www.fhi.no/kvp 

 


Sist oppdatert: 17.09.2021
Publisert: 18.12.2020