HeimHelse, sosial og omsorgKoronavirus - informasjon og råd til innbyggjarane

Koronavirus - informasjon og råd til innbyggjarane

Nytt om Korona-pandemien

Besøk for bebuarar ved Modalstunet
Redigert 23.september 2020

Modalen kommune har opning for kontakt mellom bebuar i sjukeheim og pårørande/besøkjande frå nærområdet med nokre restriksjonar som jamnleg blir justert ut frå smitte-situasjon.
Følgjande gjeld for besøk no:

Det er ikkje tillete besøk til våre bebuarar av barnebarn. Gjeld også andre barn/ungdomar inntil vidare.
Bebuarar kan få ta imot besøk av pårørande/besøkjande frå nærområdet på besøksrom «Vetlestova», på romma og ved besøk utandørs i hagen.
Pårørande kan ta med bebuarar på spasertur/rullestol-tur i området etter avtale med personalet
Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 pårørande/besøkjande frå nærområdet ved kvart besøk. Tidsramme for besøk til bebuar er inntil 1 time 3 gonger i veka.
Pårørande/besøkjande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på besøk.
• For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på besøk.
• Pårørande/besøkjande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
• Pårørande/besøkjande bør halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å halde handa er greitt.
• Bebuar kan ta imot blomar. Det vert ikkje tillate å ta med heimelaga mat til bebuar. Mat kjøpt på butikk går fint!

Oppdatering 09.09.2020
Kommunen føl smittesituasjonen i Bergen og omegnskommunane tett. Vi har framleis ikkje påvist smitte i Modalen.
Bergen kommune har no eit aukande tal koronasmitta og innfører fleire nye lokale korona-tiltak.
I samband med det auka smittetalet i Bergen vert det oppfordra til å unngå unødige reiser til Bergen dei neste 10 dagane.
Bergen kommune anbefaler reisande om å bruke munnbind på buss og bybane i rushtida.
Vi minner og alle om gode vanar som førebyggjer smitte :
- Hald avstand - minimum 1 meter
- Ha god handhygiene
- Bli heime om du er sjuk

Oppdatering 19.08.2020

Testing og informasjon om korona i Modalen.


Pr august 2020 har helsestyresmaktene tilrådd at alle som har nyoppståtte luftvegssymptom får tilbod om test for korona-virus. I tillegg ynskjer ein å få teste personar som har vore på reise utanlands. Har du ofte litt renning frå nase, eller vanlegvis irritasjon i hals etter td aktiviteter, reknast dette ikkje som nyoppståtte symptom, og i slike tilfelle trengs ikkje testing.


Barn under 10 år med kun lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptom heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikkje å haldast heime eller testast.

I Modalen organiserer me no testing for korona frå kl 08.30 alle måndagar, tysdagar og torsdagar.
Prøvetaking føregår utafor legekontoret, frå bilvindauge eller på asfalten. Dei som skal testast stiller i kø, og prøvar blir tatt fortløpande. Sjuke må unngå kontakt med kvarandre.


Me ynskjer at dei som vil ha test ringjer på førehand ( 56599040) , eller sender oss melding via innlogging på helsenorge.no, med informasjon om symptom eller reiseaktivitet. Telefon for råd om korona eller prøvetaking har no same opningstider som telefon til legekontoret, kl 08.00-15.00 måndag, tysdag, torsdag.
Prøvesvar vil bli tilsendt alle frå oss, men du kan raskast finne svar sjølv ved å logge inn på helsenorge.no – her vil du finne svar når dei er klare, både for deg sjølv og mindreårige barn.


Personar med luftvegssymptom som blir testa for korona, må halde seg heime til prøvesvar føreligg og til symptom er borte. Barn under 10 år med god allmenntilstand og kun restsymptom med rennande nase, kan tilbake i skule/barnehage om prøven er negativ.
Organiseringa av prøvetaking kan bli endra om smittesituasjon i vårt område blir endra, eller om me ser at kapasiteten er for liten.

Modalen 19.08.20 – kommuneoverlege Frøydis Gullbrå

 

Oppdatering 11.08.2020

Besøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet

Redigert 6.august.

Ut frå aukande smitte på landsbasis og tidlegare anbefalingar frå helsedirektoratet om besøk og utgang ved sjukeheimar, vil Modalen kommune avgrense kontakt mellom bebuar og pårørande i sjukeheim frå dags dato. Det vert difor ikkje lenger tillete besøk til våre bebuarar av andre enn pårørande. Der er nokre reglar som må følgjast.

Bebuarar kan no få ta imot besøk av pårørande på besøksrom «Vetlestova», i tillegg til besøk utandørs i hagen. Det er frå 3.juni opna for besøk på romma ved å nytte altandør inn til rommet til bebuar.  Det er også råd for bebuarar å bli med pårørande på tur.

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:

  • Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på besøk.
    • Pårørande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.  
    • For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på besøk.
    • Pårørande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
    • Pårørande bør halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å gje kvarandre ein klem å halde handa er greitt.
    • Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 pårørande ved kvart besøk. Tidsramme for besøk til bebuar er inntil 1 time x 2 dagleg.
    • Bebuar kan ta imot blomar. Det vert ikkje tillate å ta med mat til bebuar.

 

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast ved utreise frå institusjonen:

  • Pårørande som er i karantene, eller har symptom med feber, sår hals eller hoste, kan ikkje ta nokon bebuar med ut på tur, inkludert biltur.
    • Bebuar med feber, sår hals eller hoste, kan ikkje reise ut frå institusjonen
    • Pårørande skal avtale tidspunkt for utreise med avdelinga på førehand, og avklare kva det inneber og tidsperspektiv ( spasertur, biltur, etc)
    • Bebuar og pårørande blir ved tur oppmoda om å følgje gjeldande smittevernråd, som til dømes å halde avstand på 1 meter til andre personar, og å vere nøye med handhygiene før og etter mat.
    • Bebuar skal alltid utføre nøye handvask ved tilbakekomst til institusjon.

 

 

Oppdatering 01.06.2020

Besøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet

Frå 27.mai kom nye anbefalingar frå helsedirektoratet om besøk og utgang ved sjukeheimar. I Modalen har me hatt lite smittepress, og opnar no for meir kontakt mellom bebuar og pårørande / besøkjande. Der er likevel nokre reglar som må følgjast.

Bebuarar kan no få ta imot besøk av pårørande på besøksrom «Vetlestova», i tillegg til besøk utandørs i hagen. Det er også råd for bebuarar å bli med pårørande på tur.

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på     besøk.
• Pårørande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.
• For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i     sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på   besøk.
• Besøkjande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket.   Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
• Besøkjande må halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å   halde handa til bebuar er greitt, men klem bør unngåast ( ansikt til ansikt).
• Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 besøkjande ved kvart besøk.
• Bebuar kan ta imot gåver og blomar. Besøkjande kan også ha med mat.   Dersom det blir ete mat under besøk, må alle vaske hender før og etter måltid.   Kjøkken ved institusjon kan ikkje nyttast.

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast ved utreise frå institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har symptom med feber, sår hals eller   hoste, kan ikkje ta nokon bebuar med ut på tur, inkludert biltur.
• Bebuar med feber, sår hals eller hoste, kan ikkje reise ut frå institusjonen
• Pårørande skal avtale tidspunkt for utreise med avdelinga på førehand, og   avklare kva det inneber og tidsperspektiv ( spasertur, biltur, etc)
• Bebuar og pårørande blir ved tur oppmoda om å følgje gjeldande smittevernråd, som til dømes å halde avstand på 1 meter til andre personar, og å vere nøye med handhygiene før og etter mat.

• Bebuar skal alltid utføre nøye handvask ved tilbakekomst til institusjon.

Oppdatering 01.06.2020

 

Oppdatering av smitteverntiltak ved Mo skule.

Det har no kome ei oppdatering av smitteverntiltak for skular som skal gjelda frå 02.06.20. Skular skal no organisera tiltak etter ein trafikklysmodell. Frå andre juni gjeld tiltak på gult nivå. Mo skule held fram med å fylgja dei råd og tiltak som til ei kvar tid gjeld. Tiltaka på gult nivå er om lag dei same som dei ein har arbeidd etter fram til no for Mo skule sin del.
Link til oppdatering

 

 

Oppdatering 14.mai 2020

Opning av Bryggjeslottet frå onsdag 20. mai.
Bryggjeslottet som idrettshall blir opna(maks 20 pers. + 1 m avstand,). Ansvarleg aktør må følgje nasjonale retningsliner. Helst søkje å unngå å blande aldersgrupper (kohortar) jfr. skuleklasseinndeling. 

Symjehall, styrkjerom og garderobar skal ikkje opnast foreløpig.


Symjehall for skule (organisert) kan opnast 1. juni. Øvrig bruk av symjehallen vert på eit seinare tidspunkt, tidlegast 15. juni.

Rettleiar for idrett

 

Oppdatering nasjonale tiltak 7. mai 2020

Samling for inntil 50 personar er no tillate


Frå 7.mai er det opna for å ha samlingar på offentleg stad med inntil 50 personar. Som ei følgje av desse nye reglane, vil no samfunnshusa verte opne for utleige att, og bygdekinoen vil ha framsyning 26.mai i bryggjeslottet.
For at det skal kunne gjennomførast samlingar, er det visse vilkår som må på plass. Det skal vere ein ansvarleg arrangør som registrerer deltakarar og sørgjer for att smittevernreglar vert følgt.
-Det må vere tilgang på handvask eller handsprit
-Ekstra fokus på hygiene må ordnast
-Det skal arrangerast slik at det kan vere 1 meter avstand mellom personar til ei kvar tid.
-Arrangør skal lage liste over deltakarar
-Det kan serverast mat, dersom ein unngår mat som gjer at fleire må ta frå same matfat eller bruke same serveringsbestikk.
Ansvarleg arrangør kan vere privatperson eller ei verksemd. Det viktige er at nokon ansvarlege er utpeikt, som også blir kontaktperson mot myndigheiter/kommune om det skulle bli aktuelt, td i samband med smitteoppsporing.
På denne måten kan ein halde ein del arrangement som ulike møter, gudstenester, bursdagar, bryllaup. Det er viktig å merke seg at det må arrangerast på offentleg stad, og ikkje i private heimar, dette av omsyn til plassbehov. I private heimar er det framleis samlingar med inntil 5 personar som er tillate.
Det er ikkje nødvendig med noko godkjenning frå kommunen for å arrangere samlingar, men det er viktig å setje seg inn i reglane som gjeld – og halde seg til dei. Har de konkrete spørsmål, er de naturlegvis velkomne til å kontakte oss.


Opning for besøk til bebuarar ved Modalstunet

Styresmaktetene har kome med signal om at dei ynskjer det skal opnast opp for besøk til bebuarar ved sjukeheimar. Med bakgrunn i dette og etter vurdering frå pleie-og omsorgsleiar og kommuneoverlege, set ein no i verk følgjande regler for besøk på Modalstunet aldersheim, gjeldande frå 8.mai:
Bebuarar kan no få ta imot besøk av pårørande utandørs i hagen ved Modalstunet. Der er også overbygg ved dåreg vèr.

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
• Pårørande som har vore i land utafor Norden, eller har hatt symptom med feber, sår hals og hoste dei siste 14 dagane, kan ikkje kome på besøk.
• Pårørande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale følgjer bebuar ut.
• For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i pasienten sin journal kven som har vore på besøk.
• Besøkjande må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
• Her som elles i samfunnet må alle halde minst 1 meters avstand til tilsette og til bebuar.
• Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 besøkjande ved kvart besøk.
• Kvart besøk kan vare maksimalt 30 minutt.
• Det vert tillate med 1-2 besøk i veka per bebuar.

Helsedirektoratet har varsla at dei vil kome med rettleiar for besøk ved sjukeheimar. Når denne er klar, og elles ved behov, vil desse reglane for besøk kunne endrast.

Oppdatering nasjonale tiltak 7. april 2020

Regjeringa har på pressekonferanse onsdag 7. april offentleggjort oppdatering av nasjonale Korona tiltak og restriksjonar som skal gjelde etter påske. For Modalen inneber dette mellom anna at:
• Barnehagar skal opnast 20. april. Ein nasjonal rettleiar for korleis dette skal skje  vil bli lagt fram innan 16. april. Kommuneoverlege vil bidra lokalt til
smittevernopplæring for tilsette. Føresette vil få meir informasjon så snart denne er klar etter 16. april.

• Skulen skal opnast for 1. – 4. klasse 27. april. Det same skal SFO. Nasjonal rettleiar og kompetanseopplegg for korleis dette skal skje vil bli lagt fram innan 20. april. Kommuneoverlege vil bidra lokalt til smittevernopplæring for tilsette. Føresette vil få meir informasjon så snart denne er klar etter 20. april.

• Skular og barnehagar skal få gode og tydelege reglar å halda seg til. Desse skal vera klare i god tid før opning. Både skulane og barnehagane skal få tid til å førebu seg skikkelig før opninga. Foreldre skal vera trygge for at det trygt å senda borna sine til skule og barnehage. Born i risikogruppa kan ikkje kome tilbake til skule og barnehage.

• Verksemder i helsevesenet, som til dømes fysioterapi og psykolog, opnar frå 20. april.
• Hytteforbodet vert oppheva frå 20. april. Det vert likevel sterkt oppmoda til å unngå unødige fritidsreiser.

• Det er framleis kun nødvendig personell som skal inn på Modalstunet. Det vil bli innført kontroll med besøkjande ved at alle må skrive seg på liste når dei kjem inn til Modalstunet.

• Alt helsepersonell vert framleis nekta å reise utanlands frå 12.3 og ut april 2020

• Bryggjeslottet er framleis stengt. Dette gjeld alle aktivitetar, inkludert styrkerom, basseng, sal, bowling og bibliotek. Alle arrangement og treningar må avlysast.

• Samfunnshusa blir ikkje leigd ut.

• Alle kultur-, idretts- og kommunale arrangement blir avlyst, foreløpig fram til 15. juni. Innan 1. mai vil regjeringa kome tilbake med retningslinjer for kva som skjer etter 15. juni. Dette gjeld og 17. mai feiring, og korleis denne evt kan gjennomførast. Når det gjeld Modalsdagane vil kommunen ta ei endeleg avgjerd når dei nye nasjonale føringane kjem innan 1. mai.

• Nasjonale reglar om karantene og isolasjon vert vidareført

• Så mange som mogleg skal framleis jobbe frå heimekontor.

Sjå elles kommunen si heimeside for meir utfyllande informasjon, mellom anna om lokale restriksjonar for besøkande ved helsesenteret.
Status for kommunen vår pr 8. april er at det har blitt tatt nokre prøvar på mistanke om Covid 19 smitte i kommunen i veka som har gått og. Dei prøvesvara som er kome tilbake har vore negative-altså utan smitte. Slik situasjonen er no, kan det likevel vere smitte i omløp som ikkje er fanga opp. Ei vanleg forkjøling kan vere koronasmitte – difor oppmodar me alle om å vere heime om de har symptom med nyoppstått sår hals, hoste, feber eller tungpust.

Oppdatering nasjonale tiltak 24.03.2020

Regjeringa har på pressekonferanse i dag offentleggjort vidareføring av alle nasjonale Korona tiltak og restriksjonar, som først vart gjort gjeldande frå 12. - 26. mars. Tiltaka er førebels vidareført til 13.april, men endringar kan koma.

For Modalen inneber vidareføring av tiltaka mellom anna at:

• Skular og barnehagar vert framleis halde stengt. Elevar frå 1-4. klasse som har foreldre med samfunnskritisk arbeid, eller elevar med særskilde behov, vil bli tilbydd opplegg i skule. Ved spørsmål om dette, vil rektor avklara – ta kontakt med han.Barnehagen vil også ha omsorgstilbod til dei som treng det for at samfunnskritisk arbeid skal kunne gjennomførast. Målet med tiltaka er å unngå å samla borna på ein stad. Foreldre blir difor også oppfordra til å unngå samlingar av born heime.

• Det er kun nødvendig personell som skal inn på Modalstunet. Det vil bli innført kontroll med besøkjande ved at alle må skrive seg på liste når dei kjem inn til Modalstunet.

• Alt helsepersonell vert nekta å reise utanlands frå 12.3 og ut april 2020.

• Bryggjeslottet er stengt. Dette gjeld alle aktivitetar, inkludert styrkerom, basseng, sal, bowling og bibliotek. Alle arrangement og treningar må avlysast.

• Samfunnshusa blir ikkje leigd ut.

• Andre kommunale arrangement blir avlyst.

• Nasjonale reglar om karantene og isolasjon vert vidareført.

• Så mange som mogleg skal framleis jobbe frå heimekontor.

• Det er forbod mot opphald på hytter og fritidsbustader utafor eigen heimkommune.

Sjå elles kommunen si heimeside for meir utfyllande informasjon, mellom anna om lokale restriksjonar for besøkande ved helsesenteret.

Status for kommunen vår er at det har blitt tatt ein del prøvar på mistanke om Covid 19 smitte i kommunen i veka som har gått og. Dei prøvesvara som er kome tilbake har vore negative-altså utan smitte. Slik situasjonen er no, kan det likevel vere smitte i omløp som ikkje er fanga opp. Ei vanleg forkjøling kan vere koronasmitte – difor oppmodar me alle om å vere heime om de har symptom med nyoppstått sår hals, hoste, feber eller tungpust.

Me oppfordrar framleis sterkt alle til å halde seg oppdatert på mellom anna reglar som gjeld for karantene og isolasjon, og rette seg etter dei reglar som gjeld i den enkelte sin situasjon. De finn oppdatert informasjon på fhi smittsome sjukdommar  Det er nødvendig å halde seg jamnleg oppdatert på kva reglar som gjeld sidan dei stadig endrar seg , og også kan få tilbakeverkande kraft.

Ta gjerne ein tur innom www.fhi.no dagleg for å sjå etter oppdateringar og gode råd.

 

23.03.2020

Oppheving lokalt vedtak  - karantane for elvar og skuleelevar

 

Søndag 15. mars fatta kommuneoverlege og kriseleiinga i kommunen vedtak om restriksjonar for studentar og elevar som kjem heim frå studier frå nokre stader i landet:

«Desse restriksjonane gjeld frå i dag 15.mars kl. 16.00, og har tilbakeverkande kraft frå heimkomstdato etter 11.mars. Dersom du har opphelde deg i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, så skal du i heimekarantene 14 dagar frå den dagen du kom til Modalen.»

Etter lova har eit slikt vedtak ei varigheit på sju dagar, og det skal vektige årsaker til for å forlenge eit slikt inngripande tiltak. No vert vedtaket oppheva frå måndag 23. mars. Folkehelseinstituttet si vurdering er no at lokale vedtak om karantene ved reise innanlands ikkje lenger vil ha den effekten vi ønskjer oss. Vi har derfor ikkje funne grunnlag for at kommunen skal forlenge det vedtaket som vart gjort. Kommunane har og blitt sterkt oppmoda frå sentrale styresmakter om å ikkje gjere lokale karanetenevedtak.

Vi ber framleis innbyggjarane om å ha stort fokus på smitteverntiltak i tida som kjem. Alle vert oppmoda til å reise minst mogeleg og ta omsyn til kvarandre med å halde avstand og ha stort fokus på handhygiene. Alle som har symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime for å ikkje smitte andre.

 

17.3 Nye endringar ved legekontoret

Grunna smittesituasjonen ynskjer  me no færrast mogleg innom helsesenteret.

Frå i dag 17.3 vil venterommet ved legekontoret vere stengt. Døra inn vil vere låst. Dei som har avtaler med oss må vente utafor i bil og vil bli oppringt når me er klar for å ta imot. Dei som er kritisk sjuke og har behov for rask kontakt med oss, må banke på dør/ vindauge, evt ringe 113.

Me vil auke opp bruk av telefon, og startar også opp med videokonsultasjonar. For dei som må kome for undersøking med luftvegs-symptom, vil undersøking føregå på eige rom tilknytta fysioterapiavdelinga.

Me har bemanning på telefon 56599040 alle kvardagar frå 08-16. For å kunne gi rask hjelp til dei som treng det, ber me om at de kun kontaktar oss på telefon ved klart behov – og nytt gjerne meldingar ved andre spørsmål;  sms (Send til 2097: MODALEN fødselsdato, ditt navn, behov) eller melding via nettsida vår  www.modalenlegekontor.no

Me takkar mykje for forståing for desse omleggingane!

16.mars - Tilgjengeleg helsestasjons- og skulehelsetenestetilbod under koronautbrot

Modalen helsestasjon føl Helsedirektoratet sine anbefalingar og følgjande arbeid blir prioritert av helsestasjonen og skulehelsetenesta framover:

  • Følgje opp nyfødde – unngå heimebesøk, men tilby konsultasjon.
  • Gjennomføra barnevaksinasjonsprogrammet (6 veker, 3 månader, 5 månader, 12 månader og 15 månader).
  • 6 vekers konsultasjon med helsesjukepleiar og lege
  • Følgje opp barn og unge med spesielle behov
  • Følgje opp familiar med spesielle behov

 

For dei som skal møte på helsestasjonen vil me sette opp konsultasjonar tidleg på dagen for å redusere smittefaren.

Alle andre konsultasjonar av helsesjukepleiar og lege vert  utsett inntil vidare.

Helsesjukepleiar er kun tilgjengeleg på helsestasjonen framover. Dersom ein har spørsmål eller ynskjer time på helsestasjonen ta kontakt på telefon eller e-post. Denne perioden vil me ha auka andel telefon konsultasjonar for å redusera smitterisiko.

Håpar det er forståing for desse tiltaka.

Modalen helsestasjon og skulehelsetenesta v/ Frøydis og  Marta

Modalen legekontor. Telefon: 56599040

Marta Midtbø: tlf: 99 52 68 51 epost: Marta.midtbo@masfjorden.kommune.no

 

 

Psykisk helse sine tenester under koronautbrotet

Me veit at ein del kan ha det vanskeleg no – med uro for situasjon og frykt for korleis det blir. Psykisk helseteneste i Modalen har endra litt på arbeidsform- me har ikkje så mykje samtalar på kontoret, og held meir kontakt på telefon.

For barn og unge kan det vere utfordrande å vere heime så mykje, og ikkje få ha kvardagen som vanleg. Det kan bli lange dagar og behov for nokon å snakke med. For alle er det godt med frisk luft innimellom – å gå tur med familie eller ein ven er heilt ok ( om du ikkje er i karantene eller isolasjon)– hugs berre på å ikkje gå for nær.

Dei som har vedtak om støttekontakt, vil halde fram med å få dette tilbodet no – sjølv om nokon aktivitetar ikkje kan gjerast.

Dersom nokon vil snakke med oss er me tilgjengeleg alle dagar – det er også råd å sende sms.

Psykiatrisk sjukepleiar Bente: 97677674  /  Psyk sjukepleiar Jorunn: 99090002

15.mars – Korona og Modalen

Status for kommunen vår. Det har blitt tatt ein del prøvar på mistanke om Covid 19 smitte i kommunen i veka som har gått. Dei prøvesvara som er kome tilbake har vore negative-altså utan smitte. Slik situasjonen er no, kan det likevel vere smitte i omløp som ikkje er fanga opp. Ei vanleg forkjøling kan vere koronasmitte – difor oppmodar me alle om å vere heime om de har symptom med nyoppstått sår hals, hoste, feber eller tungpust.
Oppsøk kun helsetenesta – på telefon - ved dårleg allmenntilstand og alvorlege plager. I kommunen vil det vere ein del som no arbeider frå heimekontor der det er råd, det vil likevel alltid vere folk på kommunehuset.


Me syner til råd frå folkehelseinstituttet, og oppmodar folk om halde seg i ro og unngå unødvendige reiser. Ikkje samle ungar saman - ha heller èin leikeven gjennom perioden om det trengs. Det er betre å møtast ute enn inne. Hyttefolk blir oppfordra om å reise heim.

Det er no meir smitte i dei store byane, og for å bremse smittespreiing her hjå oss, er det i dag sett i verk restriksjonar for studentar og elevar som kjem heim frå studier andre stader.

Karantene for studentar og elevar i vidaregåande skule:

Kommunen si kriseleiinga har i dag innført restriksjonar for studentar og elevar som kjem heim frå studier frå nokre stader i landet ( Sjå nedanfor for presisering). Desse restriksjonane gjeld frå i dag 15.mars kl. 16.00, og har tilbakeverkande kraft frå heimkomstdato etter 11.mars. 

Dersom du har opphelde deg i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, så skal du i heimekarantene 14 dagar frå den dagen du kom til Modalen.

Helsepersonell og personar med samfunnskritiske stillingar må òg innrette seg sånn at dei unngår å bli indirekte ramma av desse retningslinene. Det betyr at ein må prøve finne alternativ innlosjering til besøkande eller familiemedlemer som kjem frå områder som utløyser karantene.

Me treng frivillige!

Kommunen vil ha bruk for frivillige framover, til ulike oppdrag. Me oppfordrar dei som har moglegheit til å melde seg send e-post til kommunen  e-post om de kan vere med.
Me treng kontaktinformasjon; telefon-nummer og mailadresse, og gjerne nokre ord om kva du tenkjer du kan hjelpe med. Ei liste over frivillige kan vere gull verd når det blir meir press på tenestene og behovet aukar.
Me ynskjer spesielt at du som har helsefagleg kompetanse melder deg, om du ikkje er fullt opptatt allereie.

Om helsesenteret

Alle tenestene ved helsesenteret blir tilpassa situasjonen me er i. Ein del kontaktar vil bli på telefon, ein del rutinekontrollar vil bli avlyst. Me tek i bruk videokonsultasjonar for dei det kan vere aktuelt for.
Kapasiteten kan bli sett på prøve, og me oppmodar om å kontakte oss kun når det er heilt naudsynt. Ingen med forkjølelse skal inn på venterom. Me skal så langt råd halde fram med nødvendige undersøkingar og kontrollar som er oppsett. De får beskjed ved avlysingar.

Telefonen vår 56599040 er open alle kvardagar i veka frå 08-16
For å avlaste telefon-tenesta, ynskjer me at de brukar sms- tenesta vår når du kan:
Send til 2097: MODALEN fødselsdato, ditt navn, kort informasjon (Unngå sensitiv informasjon)
Kr. 6,- per mottatt melding. Du kan også gå inn via hiemesida: www.modalenlegekontor.no. Her kan du bestille time, fornye reseptar og også lese om Korona-smitte.

Me opplever stor forståelse for situasjonen mellom folk i Modalen. Det er krevjande tider for alle – med nye kvardagar. Me oppfordrar til omtanke og tolmod med kvarandre – så kjem me oss lettare gjennom dette.

 

12.mars:  Om karantene og isolering

I samband med korona-smitte-situasjonen er det laga reglar for kven som skal vere i heimekarantene og kven som skal vere i heimeisolasjon. Dette gjeld både ved mistanke om sjukdom, for nærkontakter til sjuke – og for folkpå reise.

 Reglane endrar seg stadig. Frå 12.mars kom reglar om at alle som har vore utafor Norden skal vere i heimekarantene i 14 dagar. Det er uråd kommunen å halde full oversikt over dei som er på reise, kor dei har vore på tur – og om heimkomstdato.

Me oppfordrar sterkt alle til å halde seg oppdatert på reglar som gjeld for karantene og isolasjon, og rette seg etter dei reglar som gjeld i den enkelte sin situasjon. De finn oppdatert informasjon på https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/ Det er nødvendig å halde seg jamnleg oppdatert på kva reglar som gjeld sidan dei stadig endrar seg , og også kan få tilbakeverkande kraft. Ta gjerne ein tur innom www.fhi.no dagleg for å sjå etter oppdateringar.

Har de spørsmål om dette, er det råd å kontakte legekontoret på 56599040

12.mars – Større tiltak mot smitte

12.mars sette Helsedirektoratet  i verk nye, omfattande tiltak for å hindra spreiing av det nye korona-viruset. Tiltaka kan du lese om her: 

Helsediretoratet tiltak

I Modalen har me gjort fleire tiltak som følgje av dette.

Tiltaka gjeld førebels til 27.mars, men endringar kan koma.

Avlysingar og stengingar:

Bryggjeslottet er stengt. Dette gjeld alle aktivitetar, inkludert styrkerom, basseng, sal, bowling og bibliotek. Alle arrangement og treningar må avlysast.

Samfunnshusa blir ikkje leigd ut.

Andre kommunale arrangement blir avlyst.

Alt helsepersonell vert nekta å reise utanlands frå 12.3 og ut april 2020.

Skule og barnehage er stengt.

Elevar i skulen fekk 12.mars med alle bøker heim, dei som ikkje har pc får låne frå skulen – og elevane blir tilbydd undervisning heimefrå. Elevar frå 1-4. klasse som har foreldre med samfunnskritisk arbeid, vil bli tilbydd opplegg i skule. Ved spørsmål om dette, vil rektor avklara – ta kontakt med han.

Barnehagen vil også ha omsorgstilbod til dei som treng det for at samfunnskritisk arbeid skal kunne gjennomførast.

Målet med tiltaka er å unngå å samla borna på ein stad, foreldre blir difor også oppfordra til å unngå samlingar av born heime.

Besøksrestriksjonar ved Modalstunet

Pårørande og andre blir no oppmoda om å ikkje besøkja bebuarar ved Modalstunet. Dei eldre er særleg utsett for smitte med covid 19, og dei må vernast. Dei eldre har no  ekstra behov for kontakt gjennom telefon – bruk gjerne den.

Alle arrangement ved Modalstunet vert avlyst, også dagsenter-tilbodet.

Det er kun nødvendig personell som skal inn på Modalstunet. Det vil bli innført kontroll med besøkjande ved at alle må skrive seg på liste når dei kjem inn til Modalstunet

Helsesenteret gjer tilpassingar

Alle ved helsesenteret kan måtta endra arbeidsoppgåver om det blir bruk for folk til å handtera smitte-situasjonen. Endringar og avlysingar av avtalar kan bli nødvendig, og dei involverte vil då få direkte beskjed.

Ved legekontoret prøver me å halda planlagt program med oppsette konsultasjonar før lunsj. Me ynskjer no å ha færrast mogleg personar med luftvegsplager ( forkjøling, sår hals, hoste, feber) inn på venterom saman med andre– ring oss heller for vurdering på telefon 56599040.

Prøvetaking og nødvendig vurdering av luftvegsplager vil bli gjort etter lunsj.

Me har eige rom for handtering av prøvar, merka SMITTEROM. Gå ikkje inn her.

Me vil ta i bruk meir verneutstyr enn vanleg, og  sørga for ekstra reinhald.

Legekontoret er tilgjengeleg på telefon 56599040 alle kvardagar frå 08-16.

 

Oppmoding om å avgrense personleg oppmøte på kommunehuset

Det vil alltid vere folk ved kommunehuset i arbeidstida, men ein ynskjer no minst mogleg oppmøte av publikum her for å unngå smittespreiing. Ta helst kontakt på telefon 56599000 eller epost til postmottak om du vil ha tak i oss!

 

Tiltaka frå helsedirektoratet seier også at alle som har reist utanfor Norden, og har kome heim etter 27.februar, skal vere i heimekarantene i 14 dagar frå heimkomstdato. Det er ikkje råd for kommunen å ha oversikt over alle som reiser –det er difor viktig at alle har eit personleg ansvar her for å overhalde denne karantena. Informasjon om kva det inneber finn du på fhi.no.

 

 

Til tilsette i Modalen kommune i samband med koronasituasjonen

Følgjande reglar gjeld frå 12. mars og fram til dei vert oppheva (reglane kan endrast dersom situasjonen tilseier det):

  • Alle arrangement i regi av Modalen kommune vert avlyst.
  • Alle tilsette blir oppmoda om å ikkje delta på kultur eller idrettsarrangement.
  • Alle tilsette blir oppmoda om å ikkje reise til utlandet i eigen ferie. Dei som likevel veljer å reise på ferie til utlandet, må rekne med karantene for eiga rekning når dei kjem heim.
  • Alle møte som kommunen kan arrangere som videomøte eller telefonmøte, vert arrangert på denne måten.
  • Modalen kommune vil praktisere auka bruk av heimekontor etter avtale med kvar enkelt.
  • Ingen tilsette skal reise på kurs eller seminar.
  • Alle som blir sett i karantene må respektere vedtaket. Ved eventuell uvisse rundt vedtaket, må den det gjeld ta kontakt med legen sin.
  • Alle som kjem tilbake frå reiser utenfor Norden, skal i heimekarantene i 14 dagar – uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Karantene etter utanlandsreiser har tilbakeverkande kraft frå 27. februar

Særskilt for helsepersonell

  • Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling vert nekta å reise til utlandet –både tenestereiser og privatreiser. Dei vil få kostnadane kompansert. Gjeld førebels ut april 2020

 

 

Oppdatering 12.03.2020

Alle skular og barnehagar i Norge stenger frå kl 18 i dag og fram til 26.mars
– det skjer også i Modalen. Bryggjeslottet blir også stengt frå i dag.
Foreldre til barn i barnehage og barneskule 1. - 4. klasse som har samfunnskritisk arbeid,
vil kunne kontakte barnehage/skule for å få hjelp til omsorg for barna.
Det vil kome fleire tiltak – meir informasjon vil kome på heimesida til kommunen og facebook etterkvart. Informasjon vil også bli lagt i papirform på Coop.

Oppdatering 9.mars 2020


Det er no innført nye reglar når det gjeld heimekarantene i samband med korona-virus-utbrotet.
Alle som har vore i område med vedvarande smitte siste 14 dagar, skal vere i heimekarantene 14 dagar etter heimkomst – uavhengig om dei utviklar symptom eller ikkje. Områda med vedvarande smitte i Europa er no Tirol i Østerrike og alle regionar nord for Roma i Italia – dette kan endre seg raskt – følg med på folkehelseinstituttet sine sider for oppdatert informasjon om desse områda:
Folkehelseinstuttet vedvarande smitte


For informasjon om kva heimekarantene er, les:

Folk som er i heimekarantene og utviklar symptom, skal kontakte lege på telefon – for avklaring om testing og sjekk for sjukdomsutvikling/smitte.
Desse nye reglane bør no alle ta med i vurderinga når reiser blir planlagt, gjerne i samarbeid med arbeidsgjevar. Ved reise til område med vedvarande smitte kan ein altså ikkje kome tilbake til jobb eller studie før 14 dagar etter heimkomst – sjølv om ein er heilt frisk.

Elles; ein fin film som gir mykje nyttig informasjon om smitten, finn de her: youtub

 

Status 6.mars i Modalen – om SARS-Cov-2


Det er aukande smitte av koronaviruset SARS-Cov-2 i Norge og verda. Dei fleste får milde og forbigåande plager.

Pr 6/3 er det ikkje påvist tilfelle i Modalen, me har heller ikkje personar som er mistenkt smitta.

Det er mykje av andre luftvegsinfeksjonar i dalen, og desse blir handtert – også med vurdering om det kan dreie seg om smitte med Korona-virus.

Frå i dag vil laboratoriet ved Haukeland Universitetssjukehus undersøkje alle prøvar me sender inn for test på influensa, også opp mot det nye korona-viruset. Det betyr at alle som har influensaliknande symptom og får tatt naseprøve, blir automatisk sjekka for korona-smitte.

Legekontoret har utvida telefontid til alle kvardagar mellom 08-16 for svar på sprøsmål om Korona-smitte. Bruk det vanlege kontor-nummeret 56599040. For alle andre problemstillingar ber me om at de nyttar dagane med helsepersonell til stades ( dvs måndag-tysdag-onsdag).
Me oppfordrar folk til å følgje råd gitt på fhi.no om koronasmitte – hugs også at reiseråd kan bli endra ettersom smittesituasjon i verda endrar seg.

 

Helsepraten mars 2020

 

Korona virus

Eit tidlegare ukjent koronavirus har forårsaka eit pågåande utbrot av luftvegsinfeksjon i verda. Det starta i Kina, og er no spreidd til fleire land og regionar – i meir og mindre grad. Det er også påvist tilfelle i Norge, fleire er testa, og det er sannsynleg at der vil bli fleire påvist smitta i tida framover.

Ein prøver no avgrense smitte og redusere smittespreiing mest mogleg. Sentrale styresmakter har laga tydelege tilrådingar for korleis handtere mistenkte og moglege tilfelle av sjukdommen.

Helsetenesta i Modalen følgjer tett med på informasjon som kjem, og rettar oss etter råd me får. Me har 27.febr og 28.febr hatt møte i kommunal smitteverngruppe, og legg planar for å kunne tilpassa tenester etter behov når smitten kjem til vår kommune.  Det er også aktivt tett samarbeid i regionen (Nordhordland) og mot spesialisthelsetenesta, slik at me er best mogleg rusta om mange blir sjuke.

Informasjon vil bli delt på nettsida til kommunen, på kommunen si facebook-side og ved oppslag.

God hand- og hostehygiene er generelle smittevernråd som no er viktig for alle å følgje nøye.

 

Personer som har vore i område med vedvarande spreiing

Friske personar som dei siste 14 dagane har opphalde seg i eit område med vedvarande spreiing bør følgje med på teikn til luftvegsinfeksjon (feber, hoste og andre luftvegssymptom) i 14 dagar etter opphald og ta kontakt med helsetenesta (per telefon) ved symptom. Dersom dei ikkje har vore i nærkontakt med personer som er bekrefta sjuk med koronaviruset og ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, kan dei omgåast andre som normalt.

 

Område i verda med vedvarande spreiing per 26.2.2020: fastlands-Kina, Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionene Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia

NB: dette vil endre seg fort, følg med på nettsida https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

Kva gjer du om du mistenkjer at du er sjuk med det nye koronaviruset?

Du skal ikkje møte opp på legekontoret

Ta kontakt med lege på telefon for råd og avtale om undersøking:

  • ring legekontoret på telefon 56599040
  • eller legevakt på telefon 116117

Symptom på sjukdommen er hoste, feber, sår hals og pustevanskar.

Kontakt lege på telefon om du har slike symptom og har vore i minst éin av følgjande situasjon:

  • Har vore i eit område med vedvarande spreiing av koronaviruset dei siste 14 dagane.
  • Har hatt nærkontakt med en person som er bekrefta sjuk med det nye koronaviruset i løpet av dei siste 14 dagane.

 

Mykje nyttig informasjon inkludert reiseråd finn du her:  https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 Ynskjer du å vite meir om førebygging, smittevern og tiltak som vert sett i verk?

Folkehelseinstituttet


Sist oppdatert: 27.09.2020
Publisert: 27.02.2020