HjemBarnehageModalen barnehage

Modalen barnehage

 Kontaktinformasjon Modalen barnehage

Adresse:
Skjerjavegen 51, 5729 Modalen

Her finn Modalen barnehage i kartet

Opningstider: Barnehagen er open kvardagar kl 7.00 - kl 16.30.

 

Skule- og barnehageruta 2023-2024

 

Søknad om barnehageplass 

Her søkjer ein om ny plass, endring og oppseiing. Søknadsfrist hovedopptak for barnehageplass er 1. mars. Ein har fortløpande barnehageopptak ellers i året, dersom det er ledig plass.

Søknadskjema

Velkommen som søkjar til Modalen barnehage. Du kan søkja barnehageplass heile året når barnet ditt har fått fødselsnummer. Bruk lenka over for å komma til det elektroniske søknadsskjemaet. Enkelte barn har rett til prioritet. Om ein søkjer om prioritet må ein sende inn dokumentasjon. På Modalen kommune sine nettsider, under barnehage, finn du vedtektene til barnehagen, der finn ein informasjon om prioritet ved opptak.

Hovedopptak
Barn som fyller ett år seinast innan utgangen av august det året de søker om barnehageplass, har etter søknad rett til å få barnehageplass frå august.
Barn som fyller ett år i september, oktober eller november, det året de søker om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra den månaden barnet fyller ett år.


For å ha rett til plass ved hovedopptak må fylgjande kriterier være innfridd:
• Barnet må være fylt ett år innan utgangen av november 
• Det må være søkt om barnehageplass innan 1. mars 
• Barn som fyller ett år innen 31. august  har rett til å få plass i barnehage i løpet av august måned
• Barn som fyller ett år i september, oktober og november  har rett til å få plass innan den måneden dei fyller ett år
Om søknadsprosessen
Du søkjer elektronisk og må registrere ein søknad for kvart barn. Søkjar må ha foreldreansvar. Ved felles/delt foreldreansvar skal de oppgje begge føresette i søknaden.

Når får eg svar på søknaden?

Ein vil få svar på søknader til hovudopptaket i løpet av mars månad. Søknader som kjem ellers i året, vert svara på fortløpande. Søker de utanom hovedopptaket, vil ein kunne få tilbod om det er ledig plass

For spørsmål om barnehagetilbodet eller -opptaket i Modalen kommune, kontakt Gro Henny Mo 56599060 

Barn busett i Vaksdal kommune fylgjer heimkommunen sine betalingssatsar.

 

Betalingssatsar 2024
Opphald, måltid og frukt
       
Full plass f.o.m 01.01.24 2.503,- 445,- pr.mnd
Deltidsplass f.o.m 01.01.24 1.678,- 267,- pr.mnd
Ekstraplass    418,-  

pr.dag

For sein henting    239,-  

pr.dag

 

Full plass: Inntil 9 timar pr. dag  -  mellom kl. 07.00 og 16.30 mandag til fredag. 
Deltidsplass: Inntil 9 timar pr. dag x 3 dagar for veka


Måltid og frukt er ein del av barnehagetilbodet, og ikkje noko foreldra kan reservera seg frå. 

Foreldra betaler for 11 månader.

Juli er betalingsfri månad.
Dersom borna vert henta etter stengetid får barnehagen ekstra utgifter til personell. For sein henting medfører difor eit gebyr.
 
Ekstradagar vert nytta av born som har deltidsplass, eller born som oppheldt seg i kommunen men som ikkje ynskjer fast plass. Ved ledig kapasitet kan det gjevast tilbod til desse.

Barn busett i Vaksdal kommune fylgjer heimkommunen sine betalingssatsar.

Regjeringa vil frå 1 august 2024 kutte maksprisen i barnehage til 2000 kr i mnd., i spreidbygde kommunar vil prisen verte sett til 1500 kr., noko som vil gjelde Modalen kommune.

Moderasjon i barnehagen

Du slepp søkja om syskenmoderasjon, den får du automatisk. Har du/familien lav inntekt kan du søkje om moderasjon/redusert betaling.

Handsamingstida er ca. 3 veker.

Syskenmoderasjon 

Modarasjonsordningar: Syskjenmoderasjon til føresette som har fleire enn eitt barn i barnehagen: 
30 % moderasjon for barn nr. 2 
50 % moderasjon for barn nr. 3 og fleire Inntektsgradert foreldrebetaling kan gjevast etter søknad til føresette med låg betalingsevne. 

Redusert brukarbetaling

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Ordninga er for foreldre og føresette med barn i kommunale barnehagar.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?
Du har rett på redusert pris om:
• maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga

Har du rett på gratis kjernetid?
Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.
Hushald med inntekt lågare enn kr 598.825 per år som har 2, 3, 4 og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid. 


Slik søkjer du om redusert pris
Søknadsfrist for redusert pris er 1. juni. Du må søkje for kvart år.

Rettleiing søknad om redusert foreldrebetaling

Vedlegg som må sendast med søknaden:

Det er viktig at dokumentasjon blir sendt saman med søknadsskjemaet ditt. Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon vil ikkje bli behandla.
Dokumentasjonskrav er siste års sjølvmelding. Inntektsgrunnlaget skal spegle dei faktiske skattepliktige inntektene. Dersom søkjar har skattepliktig person - og kapitalinntekt som ikkje står på sjølvmeldinga, er du pliktig til å opplyse om dette.
Dersom søkjar ikkje kan leggje fram sjølvmelding må annan dokumentasjon leverast. Dette kan for eksempel vere lønnsslipp frå arbeidsgjevar, eller inntekt frå NAV.


Her finn du meir info om foreldrebetaling

 

Skjemaer 

Nullmobbing

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars. 

Kva seier lova?

Trykk her for å gå til barnehagelova.

 

Rammeplan for barnehage

Årsplan

 

Reglar for oppseiing

Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen minst to månader før barnet skal slutte.
Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan vi krevje betaling for resten av barnehageåret.
Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.

Bruk søknadskjema om barnehageplass.

 

Mobbeombodet i Vestland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Mobbeomboda i Vestland heiter Mari-Kristine Morberg og Aina Drage. Dei rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Kontakt mobbeomboda

Alle kan ta kontakt med mobbeomboda.

Du kan òg følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook.
Du kan lese meir om ombodet og kva dei kan hjelpe deg med her.

 

 

 Vedtekter

Vedtekter barnehagen 


Sist oppdatert: 22.01.2024
Publisert: 17.04.2018