Barnehagestyrar
Tilrettelegging ved nedsatt funksjonsevne
Tilrettelegging ved nedsatt funksjonsevne
Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunen sin tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er naudsynte for at barnet skal kunne nyttiggjere seg av barnehageplassen. Plikta gjeld barn med nedsett funksjonsevne, er busatt i kommunen og har barnehageplass.
Foreldra/føresette melder om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod til sitt barn. Barnehagen barnet går i kan gje rettleiing i utfylling av skjema.
Kva skjer vidare?
Kommunen vurderer meldingane som kjem inn, og kan gjere vedtak om tilrettelegging. I sakshandsaminga kan det vere aktuelt å hente inn dokumentasjon frå andre instansar som er relevante for barnet. Avgjerda er et enkeltvedtak etter forvaltningslova, og foreldra har klagerett på vedtaket. Klageinstans er Fylkesmannen.
Kva får du?
Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vere snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Krav til søkjar
Barnet ditt må vere mellom 0-6 år.
Kontakt:
Adresse:
Skjerjavegen 51, 5729 Modalen
Her finn Modalen barnehage i kartet
Kva seier lova?
Barnehagelova § 19 g skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.