Spesial pedagogisk hjelp

Spesialpedagogisk hjelp (Lov om barnehager §19a)

 

Barn under opplæringspliktig alder som har særlig behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Det er foreldra som søkjer. Om barnehagen meinar barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, hentes det inn samtykke frå foreldra. Kommunen vurderer søknader og fattar enkeltvedtak om tildeling.

Informasjon om PPT:

PP-tenesta skal hjelpe barn, elevar, lærekandidater, lærlinger, praksisbrevkandidater og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikten er at dei får eit inkluderende, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbud. PP-tjenesten skal også hjelpe barnehager og skular med å legge til rette for barn og elever med særskilte behov.

Kontoret driv ei utadretta teneste med møte og kartlegging ute på skular og barnehagar og innan systemretta arbeid nyttar vi PALS og DUÅ.

PPT er bemanna med psykolog og spesialpedagogar inna ulike fagområde både innan barnehage- og skulefeltet. PPT har i tillegg ansvar for drift av kommunal logopedteneste som driv utøvande virksomheit til barn og vaksne som treng logopedhjelp.

Slik søkjer du

Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje PP-tenester heile året.

Skjema for oppmelding til PPT 

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva får du?

Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.

Krav til søkjar

Barnet må vere mellom 0-6 år. 

Kontakt oss

Wenche Faugstad
PPT- fagleiar

Telefon: 56 59 46 85
Mobil: 415 87 965
E-post: Wenche.Faugstad@vaksdal.kommune.no

Karianne Lid
Spesialpedagog

Telefon: 56 59 46 88
Mobil: 414 40 626
E-post: Karianne.Lid@vaksdal.kommune.no

Opningstider

Kontoret er ope måndag - fredag kl 0800 - 1500
Telefon: 56 59 46 80

Besøks- og postadresse: 
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Slik søkjer du Modalen kommune

Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp heile året.

Før du søkjer må PP-tenesta skrive ei sakkunnig vurdering med utgreiing og tilråding.

Deretter må du som forelder eller føresett sende ein søknad om spesialpedagogisk hjelp til kommunen.

Kommunen gjer eit enkeltvedtak.

Det er kommunen som er ansvarleg for å gje den spesialpedagogiske hjelpa uavhengig av om barnet har plass i barnehage eller ikkje.

Søknadskjema spesialpedagogisk hjelp

 


Sist oppdatert: 31.08.2023
Publisert: 22.08.2018