HjemAktueltUtfordrande helg i vente

Utfordrande helg i vente

Det er meldt mildvêr og mykje regn denne helga, til tider høgt til fjells. NVE har sendt ut gult varsel om nedbør og flaum, og raudt varsel for snøskred. 

NVE frårådar skiturar i fjella.

Uteavdelinga har utført arbeid mot stikkrenner og kummer for å ta imot vatnet som kjem, og har vaktbemanning gjennom helga.

Vêromslag gjer også at vegane kan verta svært glatte og me ber om at de er forsiktig om de skal ut å køyre.

Fylkeskommunen har meldt at mannskapet ikkje har kapasitet til å vera over alt å til ei kvar tid for å utføra vintervedlikehald og for å strø, så me ber om forståing for at det kan ta noko tid å nå over alle stader.

Hald deg oppdatert på situasjonen via varsom.no


Sist oppdatert: 15.12.2023
Publisert: 15.12.2023