HeimNyheterTilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Søknadsfrist er 10.desember. MålsettingGjennom ordninga ønskjer ein å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal gjere det mogleg for fleire barn og unge å få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldre/føresette si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje bli stilt krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar.MålgruppaMålgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom i familar som har eit fattigdomsproblem. Saman med born og unge er også familien i målgruppa, i og med at tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.Kven kan søkje?Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar.Meir info om tilskotsordningaSøknadsfristSøknadsfristen for tilskotsåret 2019 er 10. desember 2018.Søk om tilskot via søknadsportalen til Bufdir Har du spørsmål?Har du allereie tilbod til den målgruppa du søkjer om støtte til eller ønskjer å diskutere moglege tiltak? Ta kontakt med koordinator for ordninga i Modalen kommune: Ove Sæbø


Sist oppdatert: 21.11.2018
Publisert: 19.11.2018