HeimNyheterStrandryddedag

Strandryddedag

Vi inviterer alle i Modalen til å vere med på strandryddeaksjonen 10. mai.
Modalen kommune er godt i gang med årets ryddeaksjon.
Det er særs gledeleg om også lag og organisasjonar og einskildpersonar viser interesse og er med.


Slik går ryddinga føre seg:
Elevane frå Mo skule deltar heile dagen.
Det ryddast i Mostraumen - langs dei kommunale vegane - og fylkesvegen gjennom Modalen opp til Straume.

Modalen kommune og Renovasjonsselskapet NGIR legg tilrette for at utstyr og informasjon kjem ut til dei som ønskjer å vere med.

Ynskjer du å vera med så ta kontakt.

Hanskar og boss-sekkar kan hentast hjå vaktmeistrane på industribygget.
Boss-sekkane som er fylde opp, kan setjast langs vegen – vaktmeistrane samlar dei inn etter innsamlinga er ferdig.

Ynskjer du meir informasjon om aksjonen?
Ta kontakt med:

Kundetorget : tlf: 56 59 90 00
eller Atle Helland tlf: 951 72 566
eller Teknisk sjef Tone Selmer Skuggevik tlf: 56 59 90 06


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 02.05.2019