HeimNyheterSommarjobb 2019

Sommarjobb 2019

Modalen kommune kan tilby sommarjobb i tre veker til ungdom som er busett i Modalen. Tilbodet gjeld berre dei som har gjennomført 10.klasse i Modalen. Aldersgrense er 16 – t.o.m. 23 år. Ungdom i Modalen er prioritet.
For ungdom frå Eidslandet gjeld tilbodet for dei som er over 18 år. 

 

Arbeidsoppgåvene vert fordelte  innan teknisk etat/uteseksjonen, Modalstunet bu & opptrening, Modalen barnehage og reinhald i kommunale bygg. Du må setja opp ynskje om arbeidsområde og kva som passar deg, men kommunen kan likevel ta atterhald om den endelege fordelinga.Kommunen vil sjå søkjarane opp mot eigne behov for sommarhjelp.

Søknaden skal innehalde:

Fødselsdato/personnummer

Kontonr

E-post adr.

Mobilnummer

Tidsrom/arbeid: Mai-august

Søknadsfrist: 15. April


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 26.02.2019