HeimNyheterRestriksjonar gjestehamn på Mo

Restriksjonar gjestehamn på Mo

Med bakgrunn i nasjonale smittevernråd og retningslinjer, er det frå 30. april innført tiltak og restriksjonar i gjestehamna for å hindre spreiing av koronavirus.

Serviceanlegget med toalett, dusj og vaskemuligheiter vert stengt. Det er vanskeleg å sikre tilfredsstillande hygienekrav i et slikt anlegg i den situasjonen vi er inne i. 

Gjestehamna er på gitte betingelsar fortsatt åpen for bruk og overnatting. Det skal ikke fortøyast båtar utanpå kvarandre. Båter langs kaien skal liggje med ein avstand på minst 2 meter mellom kvarandre.

Modalen kommune har tillitt til at gjester respekterer restriksjonane og følgjer generelle råd for å hindre smittespredning. Det er og viktig at fritidsbåtar ikkje risikerer å hamne i ein situasjon der dei kan komme til å belaste nødetatar og redningstenester unødig eller utsette desse for smittefare.


Sist oppdatert: 30.04.2020
Publisert: 30.04.2020