HeimNyheterRas på FV569

Ras på FV569

Oppdatert informasjon 17.03.21:

FV569, er planlagt åpna i løpet av i dag, ettermiddag/kveld. Enteprenør er i gang med rydda rasmassar i vegbana. Nokre steinar er store og må delast/piggast. Etter rydding vil det etablerast sikring/rekkverk mot sjø og førebels reprasjon av vegbana må gjerast før åpning. Estimert åpning av vegen: Før kl. 17 i dag.

Informasjon:
Melding frå geolog og enteprenør på staden at det er oppdaga ein del store steinblokker som må «putast» ned før arbeidet med rydding av vegbana kan starta. Ein byrjar med ta ned desse steinblokkene med bruk av luftputer i morgon. Vanskeleg seia kor lang tid dette arbeidet tek, men ein kan tidligast starta med rydding av steinmassar i vegbana, onsdag. Dette gjer at vegen vert stengt lengre enn fyrst antatt.

Det gjekk eit ras på Fv569 fredag ettermiddag som stengte vegen mellom Eikjeto- og Haugslandstunnelen. Geolog har vore på staden. Her driv me i dag og reinskar skredløpet. Dersom ein vert ferdig med dette startar me å rydda raset, tirsdag. Estimert åpning av veg vert då i løpet av onsdag den 17.03. Det er skader på vegbane/vegkropp, men me veit ikkje enno omfanget av dette. Allikevel er det nokså sikkert at her må utførast oppfylgjingsarbeidet.  


Sist oppdatert: 17.03.2021
Publisert: 15.03.2021