HeimNyheterOppheving lokalt vedtak - karantene for studentar og elevar

Oppheving lokalt vedtak - karantene for studentar og elevar

Søndag 15. mars fatta kommuneoverlege og kriseleiinga i kommunen vedtak om restriksjonar for studentar og elevar som kjem heim frå studier frå nokre stader i landet:

«Desse restriksjonane gjeld frå i dag 15.mars kl. 16.00, og har tilbakeverkande kraft frå heimkomstdato etter 11.mars. Dersom du har opphelde deg i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, så skal du i heimekarantene 14 dagar frå den dagen du kom til Modalen.»

Etter lova har eit slikt vedtak ei varigheit på sju dagar, og det skal vektige årsaker til for å forlenge eit slikt inngripande tiltak. No vert vedtaket oppheva frå måndag 23. mars. Folkehelseinstituttet si vurdering er no at lokale vedtak om karantene ved reise innanlands ikkje lenger vil ha den effekten vi ønskjer oss. Vi har derfor ikkje funne grunnlag for at kommunen skal forlenge det vedtaket som vart gjort. Kommunane har og blitt sterkt oppmoda frå sentrale styresmakter om å ikkje gjere lokale karanetenevedtak.
Vi ber framleis innbyggjarane om å ha stort fokus på smitteverntiltak i tida som kjem. Alle vert oppmoda til å reise minst mogeleg og ta omsyn til kvarandre med å halde avstand og ha stort fokus på handhygiene. Alle som har symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime for å ikkje smitte andre.

 


Sist oppdatert: 23.03.2020
Publisert: 23.03.2020