HeimNyheterOppgradering av brannstasjon på Mo

Oppgradering av brannstasjon på Mo

Brannstasjonen på Mo er ikkje tilfredsstillande og må derfor utbetrast iht. dagens krav og standard.
Hensikten med dette tiltaket er å oppgradera brannstasjonen i Modalen til å        tilfredsstilla dagens krav til brannstasjonar. Det er vedtatt at brannstasjonen som er lokalisert i Modalen kommune sitt industribygg skal erstattast av ein ny stasjon i samme bygning som i dag.

Arealet på ca. 450m2 som skal byggjast om må sjåast på som et råbygg, der ytterveggar og tak vert tatt vare på. Det skal setjast inn nye garasjeporta, vindu og dører i eksisterande yttervegger.
Det vert installert nye komplette tekniske anlegg i arealet, både på sanitær, luft og el. Det disponible arealet kan delast i 2 stk. områder: ein garasje for kjøretøy og utstyr og eit areal for kontor, møterom, verkstad og garderobefasiliteter. Det vil være ulike behov for oppgradering av dei ulike areala og u-verdier for bygningsmessige komponenter vil også variera.

Kontor og garderobeanlegget blir å sjå på som en «klimatisert boks» inne i det store hallarealet der golv, veggar og tak må tilfredsstilla dagens energikrav.       El-tilførsel og eksisterande VA anlegg (bunnledninger) er å sjå på som forelda og må erstattast av nye anlegg.

 

Følgjande framdriftsplan er lagt til grunn:


Oppstartsmøte - gjennomført
Programmering og skissefase - gjennomført
Presentasjon av skisseprosjekt i kommunestyret - gjennomført
Avklaring med brukarar og Modalen kommune - avhengig av politisk vedtak - gjennomført
Ferdigstilling av løysningar, kostnadskalkyle - gjennomført
Søknad om rammeløyve - gjennomført
Utarbeiding av tilbodsdokumentasjon for Mercell - gjennomført
Gjennomgang av dokumentasjon Modalen kommune - gjennomført
Utlysning på Mercell - gjennomført
Evaluering av innkomne tilbod - gjennomført
Godkjenning Modalen kommune - avhengig av politisk vedtak - gjennomført
Inngåing av kontrakt med totalentreprenør - gjennomført
Byggefase -  pågår
Ferdigstilling - sommaren 2020


Sist oppdatert: 27.02.2020
Publisert: 27.02.2020