HeimNyheterOppdatering ras Bryggjeslottet

Oppdatering ras Bryggjeslottet

Arbeidet har planlagt oppstart 6. september og er no estimert til å ta 3-4 veker, dersom ikkje vær og andre uforutsette hendingar gjer at det tek lengre tid.

Bryggjeslottet må haldast stengt så lenge arbeidet pågår og området må ryddast i etterkant før ein kan opne bygget. Bryggjeslottet vil difor tidlegast kunne opne igjen rundt 1. november.

I arbeidsperioden må området rundt bygget sikrast og sperrast av med tilstrekkeleg sikringssone.
Dette arbeidet startar torsdag 2. sept og medfører at parkeringsplassen mellom bensinpumpene og hurtigladaren for elbilar må sperrast heilt av.

Bensinpumpene vil vere tilgjengeleg i heile perioden, men elbilladaren vil ikkje kunne brukast før rensk- og sikringsarbeidet er ferdig
.
Parkeringskapasiteten i Mo sentrum vil verte redusert så lenge arbeidet pågår. Ein oppmodar difor alle som kan å parkere med kyrkja eller med fotballbana,
slik at dei parkeringsplassane som er att er tilgjengeleg for besøkande på helsesenteret og kundar til Mobryggja og butikken.


Sist oppdatert: 28.09.2021
Publisert: 31.08.2021