HeimNyheterOm valresultat

Om valresultat

Det er val til nytt fylkesting og kommunestyre måndag 9.september. Det har kome ei lovendring som gjer at alle røystesetlar som kjem inn til valstyret før tysdag 10.september 2019 kl 17, skal teljast med (vallova § 10-1 (1)).

Det inneber at endeleg mandatfordeling og kven som kjem inn i kommunestyret, ikkje er klart før tysdag kveld. I Modalen kommune kan potensielt dei få røystene me teller tysdag ettermiddag endre på kven som kjem inn i kommunestyret.

Håpefulle kandidatar og spente bygdefolk må difor smørje seg med ekstra tålmod i år!

Godt val!


Sist oppdatert: 06.09.2019
Publisert: 06.09.2019