HeimNyheterNærskulepoeng for elevar frå Modalen

Nærskulepoeng for elevar frå Modalen

Eit samrøystes Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke, har torsdag 16.februar, vedteke å gje dispensasjon for komande skuleår for elevane i Modalen.

Det betyr at desse elevane får nærskulepoeng også til skulane i Bergen og på Voss, i tillegg til Knarvik og Austrheim.

Takk til elevar, foreldre, lærarar og FAU som tok denne saka inn til kommunestyret. Samarbeid og sakleg argumentasjon har i dette tilfellet ført til eit godt resultat.

Kjetil Eikefet
Ordførar


Sist oppdatert: 17.02.2023
Publisert: 17.02.2023