HeimNyheterModalen kommune digitaliserer utsending av faktura

Modalen kommune digitaliserer utsending av faktura

Kva konsekvensar får dette for deg ?
Den nye løysinga medfører at alle fakturaer vert forsøkt sendt digitalt, som eFaktura, som Vippsfaktura, via digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Dersom ingen av dei digitale alternative er mogleg, vert fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din.

Brevgiro
• Utsendte fakturaer kan ikkje nyttast til betaling via brevgiro
Dersom du vil betale via brevgiro, må du nytte ein tom giroblankett, fylle ut naudsynt informasjon som du finn på den tilsendte fakturaen, og så nytte den utfylte giroblanketten til betaling via brevgiro. Tomme bankgiroblankettar kan du få i banken din eller på kommunehuset i Modalen. Me kan òg gje hjelp til utfylling av tomme bankgiroblankettar.
Informasjon som må fyllast ut på tomme giroblankettar er:
• Beløp
• Betalaren sitt bankkontonummer
• Betalt av
• Betalt til
• Kundeidentifikasjon (KID)
• Kroner og øre
• Til konto


Faktura via Vipps
• Dersom du er vant til å få faktura i postkassen din, kan du no få få fakturaen som Vipps-faktura.
Vippsfaktura føreset at du nytter Vipps, og at du har aktivert tenesta Vipps faktura. I tillegg må du vere registrert med eit gyldig mobiltelefonnummer i Modalen kommune sitt kunderegister.

Faktura i digital postkasse: Digipost eller eBoks
• Dersom du er vant til å få faktura i postkassen din, kan du no motta fakturaen som digital post i Digipost- eller eBokspostkassen din.

Faktura som vedlegg i e-post
• Dersom du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du no kunne få faktura som vedlegg i ein epost frå Modalen kommune.
Dette føreset at du er registrert med ei gyldig postadresse i Modalen kommune sitt kunderegister.

Faktura som skal sendast til rekneskapsførar/annan mottakar enn deg sjølv
Dersom du har rekneskapsførar eller annan mottakar som skal motta faktura på vegne av deg, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse innbyggar) overstyre dersom kunden er registrert i kunderegisteret med personnummer. Då vert faktura sendt til kunden i staden for  «annan mottakar». Me vil difor tilrå dei som nytter «annan mottakar» eller ynskjer å nytte «annan mottakar», til å ikkje inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

Her kan du sjå video som forklarer digital faktura for deg:

Demonstrasjonsfilm


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 24.01.2019