HeimNyheterInformasjon om pasientreiser - nye retningslinjer frå 12.10.20

Informasjon om pasientreiser - nye retningslinjer frå 12.10.20

Det har ikkje blitt inngått ny avtale mellom Helse-Bergen og drosjenæringa i vårt distrikt om pasient-transport til behandling. Dei som har rett på drosjereise til behandling ( må avklarast med lege/ sjukehus på førehand som i dag) må inntil vidare sørgje for å bestille og betale for reisa – og så søkje om å få refundert utgifter i etterkant. Helse-Bergen har laga skriv med informasjon til pasientar om denne ordninga. Ved spørsmål om ordninga og refusjonssøknad, kan pasientreiser på telefon 05515 kontaktast.
Den ekstra belastninga dette blir på pasientar er særs uheldig, og me håpar det blir nye avtalar på plass snarleg.

Informasjon til pasient


Sist oppdatert: 07.10.2020
Publisert: 07.10.2020