HeimNyheterBesøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet

Besøk og utreise for bebuarar ved Modalstunet

Besøk for bebuarar ved Modalstunet
Redigert 14. september 2020

Modalen kommune har framleis opning for kontakt mellom bebuar og pårørande/besøkjande frå nærområdet i sjukeheim med nokre restriksjonar. Det er ikkje tillate med besøk til våre bebuarar av barnebarn. Gjeld også andre barn/ungdomar inntil vidare.
Bebuarar kan no få ta imot besøk av pårørande/besøkjande frå nærområdet på besøksrom «Vetlestova», i tillegg til besøk utandørs i hagen.
Det er ikkje tilrådd å ta bebuarar med på besøk utanom sjukeheim. Å ta med bebuar på spasertur ute er greitt.

Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
• Pårørande som er i karantene, eller har luftvegssymptom, kan ikkje kome på besøk.
• Pårørande/besøkjande skal avtale tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand, og må vente ute til personale kjem og viser plass.
• For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i besøksprotokoll kven som har vore på besøk.
• Pårørande/besøkjande og bebuar må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
• Pårørande/besøkjande bør halde 1 meters avstand til tilsette, og helst også til bebuar. Å halde handa er greitt.
• Kvar pasient kan maksimalt ta imot 2 pårørande/besøkjande frå nærområdet ved kvart besøk. Tidsramme for besøk til bebuar er inntil 0,5 time tre gonger i veka.
• Bebuar kan ta imot blomar. Det vert ikkje tillate å ta med mat til bebuar. Mat kjøpt på butikk går fint.


Sist oppdatert: 18.09.2020
Publisert: 04.06.2020