Bleidalsstølen

Bleidalsstølen

Velkomen til våre nye heimesider

Modalen kommune har gleda av å ynskje deg velkomen til dei nye nettsidene våre. Vi vonar du som brukar vil oppleve sidene som ein møtestad mellom deg og kommunen vår. Vi vil på vår side gjere vårt beste for at du skal oppleve dei akkurat slik.

Dei nye nettsidene er organiserte på ein annan måte enn tidlegare. Difor vil du ikkje finne sidene på dei same stadane som før. Men du vil kunne finne alle sidene ved hjelp av menyane. Dei aktive menyane finn du i det mørke feltet under det store biletet oppe på sida.

Startsida har berre ein aktiv meny. Den heiter Start. Peikar du på "Start", opnar hovudmenyen seg. Her finn du namn på dei hovudområda heimesidene er organisert i. Du vel eitt av alternativa i hovudmenyen, ved å peike og klikke på punktet i menyen. Då kjem du fram til ei eiga side for det hovudområdet du har vald. Samstundes vert ein ny meny synleg i feltet. Her finn du namn på delområda under hovudområdet du har vald å gå inn i. Du vel eit delområde ved å peike og klikke på namnet til delområdet i denne menyen.

På denne måten klikkar du deg fram til stoffet du er interessert i. Dette er truleg lettare gjort enn sagt. Det er sjeldan naudsynt med fleire enn tre-fire klikk før du har funne rette sida. Og vil du lese andre sider, kan du flytte deg frå sida du er på ved å nytte dei aktive menyane.

Sidene er enno ikkje ferdig utbygde. Dette er ein prosess som vil ta litt tid. Men vi vonar at du vil oppleve dei nye sidene som interessante og gode å bruke.

Web levert av CustomPublish