Vegstenging Steinsland – Stølsvatnet

Frå mai til november 2015 skal BKK rehabilitera to vegbruer, og gjera naudsynt vedlikehald på anleggsvegen mellom Steinsland og Stølsvatnet i Modalen kommune, øvst i Modalen

Vegen vil verta stengt for personbilar ved Steinsland kraftverk frå 27. april til 2. juli. Vegen vert opna for større kjøretøy 9. juli. Det vil også verta ein kortare periode med vegstenging i oktober/november.

Det vil vera mogeleg å passera anleggsstadane til fots, men vi ber folk vera aktsame når dei ferdast på vegen.

Spørsmål om tiltaka kan rettast til prosjektleiar Ingvill Storøy, ingvill.storoy@bkk.no, mobil 474 09 482.

 

Web levert av CustomPublish