Vegstenging Fv 569

Fv 569, Eidsland-Modalstunnelen

På grunn av sprengingsarbeid kan vegen verta stengt inntil 2 1/2 time mellom Eidsland og Eikemo f.o.m. måndag 25.01 t.o.m. måndag 29.02.16

Vegen kan verta stengt frå kl. 10.00 til kl. 12.30 måndag-fredag. Bussar i rute kan passera.

Her skal det utførast ein del tiltak, særleg utbetring av vegkantar, sig/ «setningar» i vegbana, masseutskiftning mm. For å skaffa massar til dette, vert det utført sprenging 2 stader, der ein samstundes får retta ut skarpe kurvar og utvide vegbana.

Sprengingsarbeidet medfører stenging. Stengingsperioden, kl. 10.00-12.30 kvardagar, kjem ikkje i konflikt med  bussruter. Men det vil nok skapa problem for enkelte likevel, sjølv om vegvesenet har prøvd å leggja det til ei tid på dagen der det skal råka ferrast mogeleg. Arbeidet medfører og at ein  må køyra på mellombels dekke (grusdekke)  på korte strekkjer i periodar framover. Arbeidet vil gå føre  seg i vinter, og skal sluttførast til våren.
Etter 29.02 skal det ikkje føregå arbeid som medfører lengre stenging, men kortare stenging inntil 10-15 minuttar må påreknast. Dersom det skulle oppstå situasjonar etter 29.02 som medfører lengre stenging, vil dette verta annonsert i lokalaviser.

Web levert av CustomPublish