Vedtak i kommunereformsaka

Modalen kommunestyre sitt vedtak i sak 043/2016 møte 22.06.16

KS - vedtak:
Modalen kommune har vurdert sin framtidige situasjon i høve ulike alternativ i arbeidet med kommunereforma. Det er gjennomført høyring om intensjonsavtalen «Nordhordland kommune».

I den rådgjevande folkerøystinga deltok 74 % av dei røysteføre. 95,8 % røysta for at Modalen skulle halda fram som eigen kommune.

Med eit så klart svar frå innbyggjarane, seier Modalen kommunestyre nei til å verta ein del av Nordhordland kommune.

Me meiner Modalen har både økonomiske midlar og menneskelege ressursar til å kunna løysa framtidige oppgåver og gje innbyggjarane våre gode tenester. Det vert lagt til grunn at dei gode interkommunale samarbeidstiltaka vert vidareførte.

Modalen kommunestyre vedtek derfor å halda fram som eigen kommune.

Vedtaket var samrøystes.

Web levert av CustomPublish