Utlegging av skattelista for eigedomsskatt 2016

Skattelista for eigedomsskatt i Modalen kommune vert lagt til offentleg ettersyn på Coop Modalen på Mo og Øvre Helland, på biblioteket, samt på kundetorget til Modalen kommune i 4 veker frå 26. februar 2016.

Skattytar som meiner utskrivinga er urett, kan klage på den utskrivne eigedomsskatten.

 

Skattytar kan klage på taksten i samband med årleg utskriving, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Evt klage kan sendast skriftleg til Modalen kommune, eigedomsskattekontoret, 5729 Modalen, eller på e-post til postmottak@modalen.kommune.no innan 08.04.16.

Web levert av CustomPublish