Utlegging av manntal

For å kunne røyste ved stortings- og sametingsvalet måndag 11. september 2017 må du stå innført i manntalet i Modalen kommune.

Manntalslistene vert lagt ut til ettersyn i tida medio juli til og med måndag 11. september.

Dersom du ikkje står i manntalet og meiner at det er feil, kan krav om retting sendast til Modalen kommune,valstyret, postboks 44, 5732 Modalen. Dersom du har flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding før 30. juni står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du må då røyste i denne kommunen, eller du kan førehandsrøyste.

 

Manntalet er lagt ut på desse stadane:

 

For begge krinsane (Mo og Øvre Helland):

Kundetorget i kommunehuset

Biblioteket i Bryggjeslottet

Modalstunet

Coop Mo

Coop Øvre Helland

Web levert av CustomPublish